| 10.09.2010 | Forlenga jakttid for hjort i Sande Møre og Romsdal fylkeskommune har fastsett forskrift om utvida jakttid for hjort og elg i Sande og fleire andre kommunar Møre og Romsdal.
I Sande er jakttida for hjort no 10.09. - 23.12. Forskrifta gjeld fram til og med 31.03.2012. Les meir...
|
|
|
| 09.09.2010 | Lærarutdanning? Eg? Ja, kanskje er dette nettopp noko for deg! Hausten 2011 startar Høgskulen i Sogndal opp med desentralisert grunnskulelærarutdanning på deltid i region Nordfjord/Søre Sunnmøre. Utdanninga går over 5 år, er samlingsbasert og det ligg godt til rette for å kombinere arbeid, familie og studie viss ein ønskjer det. Les meir...
|
|
|
| 08.09.2010 | Inger Anne er med på nytt og spennande prosjekt Tidlegare i vår vart Inger Anne Vik intervjua av Vestlandsnytt angåande eit prosjekt som ho deltek i. Prosjektet kombinerer funksjonshemma brukarar som førelesarar og kunnskapsspredning via nyaste datateknologi. Les meir...
|
|
|
| 06.09.2010 | Sjømannslege på Sande legesenter Jan-Magne Remøy kjem 2 dager i månaden og jobbar som sjømannslege ved Sande legesenter. For bestilling av time for sjømannsattest ring Sande legesenter tlf 70026750 mellom 0800 og 1500:
|
|
|
| 03.09.2010 | Bygging av nye pasientrom på Sandetun. Tirsdag 07. 09. 2010 vert det oppstart av bygging av 2 nye pasientrom på Sandetun, 2. etg. Vi tek sikte på at drifta går som vanleg med nokre små endringar og ser med glede fram til at roma vert ferdig ut på hausten.
|
|
|
| 01.09.2010 | Ny likningsverdi på bustad I haust vil over 300.000 bustadeigararar i Midt- Norge få melding om å sende inn opplysningar om bustaden sin til Skatteetaten. Les meir...
|
|
|
| 24.08.2010 | Hjortejakta 2010 - Ettersøkshund De finn oversikt over godkjente ettersøkshundar og godkjente hundar for bruk i eige lag i Ettersøkshundregistret på sidene til Norsk Kennel Klub.
Ettersøkshundregistret... |
|
|
| 23.08.2010 | Fin folketalsutvikling i Sande! Sande kommune har fått nesten 100 nye innbyggjarar til no i 2010. Dette er ein fin trend for kommunen, og folketalet har no bikka 2600! Velkommen til oss!
|
|
|
| 13.08.2010 | Kong Arthur-spelhelga er i gong 13.-15.aug. Fredag startar spelhelga med Åmdalskoret Berre Damer. Dei underheld med sin kabaret "SmakeBeat" i storteltet kl.2030. Kong Arthurspelet har framsyningar laurdag kl 13.00 og 17.00 og søndag kl 15.00 Sjå også meir utfyllande program om mat ,skyss og aktivitetar under. Du finn også meir info på heimesidene til spelet eller sandsoy.no http://www.vikebladet.no/video/?videoId=517 Les meir... http://www.kong-arthur-spelet.no/ |
|
|
| 10.08.2010 | Skulestart 19.august. Nytt skuleår for grunnskulen startar 19.august. På Sandsøy skule startar nokon allereie 18.august. Sjå elles lokale oppslag for oppstart ved den enkelte skule. Norskopplæring ved Gursken oppvekstsenter startar medio august. Ta kontakt på tlf 70029445 Vi ynskjer lukke til med nytt skuleår!
Les meir...
|
|
|