|
|
| Forside |
| Forside |
 |
Hovudopptak barnehage - søknadsfrist 01.03.2010 |
Treng du barnehageplass til hausten, er det no tid for å søkje. Opptaket vert gjort i samsvar med vedtektene for dei kommunale barnehagane og barnehagelova.
|
Ny § 12 a i barnehagelova seier : "Barn som fyller ett år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august i samsvar med denne lova med føreskrifter. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er busett. Kommunen skal ha minimum eitt opptak i året. Søknadsfrist til opptak blir fastsett av kommunen." Søknadsfristen til barnehageplass er 01. mars. Søknad skal skrivast på eit eige skjema som ein kan få i alle barnehagar eller på servicekontoret på Rådhuset. Du finn den også her på heimesida under Teneste- Barnehage Du kan søkje om plass i kommunale barnehagar eller den private Hauemarkja barnehage på Larsnes Søknaden sendast til Sande kommune, Rådhuset, 6084 Larsnes.
Nytt barnehageår startar i veke 32. Etter opptak får du tilsendt eit velkomstbrev frå den barnehagen du har fått plass.
Oppseiingstida er 1mnd. Dersom ein seier opp plassen med datering etter 1. april, må ein betale ut barnehageåret. Same regel gjeld for oppseiing av deler av plassen.
Dersom ein ikkje betalar for plassen kan plassen bli oppsagt.
|
|
<<< Tilbake
|
|
 |
| Tidlegare artiklar: |
 |
|
|
|
|
|