|
|
| Forside |
| Forside |
 |
Ledig stilling som PP-leiar/rådgjevar |
Ann Lovis Haanes søkjer 1 års permisjon frå stillinga som PP-leiar i Sande og Vanylven. Vi søkjer no etter kompetente folk som kan gå inn i stillinga frå i vår.
|
PP-leiar/rådgjevar
Frå 1. april 2010 er det ledig eittårs vikariat som leiar/rådgjevar ved kontoret i 100% stilling. Det kan også vere aktuelt med tilsetting i rein rådgjevarstilling. Det kan vere aktuelt med forlenging/fast tilsetting seinare.
Vi søkjer etter ein person med: - Hovedfag, embetseksamen eller mastergrad innanfor psykologi, pedagogikk eller spesialpedagogikk - Leiarerfaring/evne til å leie og bygge eit team - Interesse for PPT sine arbeidsområde, både på individ og systemnivå - Kompetanseområde som passar inn i kontoret sin samla kompetanse - Sans for å arbeide utadretta og utviklingsorientert i nær kontakt med brukarar og samarbeidspartar
Personar med annan relevant kompetanse kan også søkje.
Vi kan tilby: - Gode lønsvilkår - Utfordande arbeidsoppgåver og engasjerte medarbeidarar i eit godt og hektisk miljø - Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet - Godt tverrfagleg samarbeid i begge kommunar - Fagleg oppdatering
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju. Det vert lagt betydeleg vekt på personlege eigenskapar ved tilsettinga.
Spørsmål kan rettast til kontorleiar Ann Lovis Haanes tlf. 95 89 23 97 eller styreleiar/kommunalleiar Øystein Johansen tlf. 99 29 15 22.
Søknad med CV og kopi av vitnemål og attestar skal sendast til:
Sande kommune, 6084 Larsnes
Bruk kommunens søknadsskjema.
Søknadsfrist: 22. februar 2010
|
|
<<< Tilbake
|
|
 |
| Tidlegare artiklar: |
 |
|
|
|
|
|