Siste 10 fra Sande
Kommunestyremøte 18.09.18
Vil du vere bøsseberar?
Vil du prøve deg som brannmann? Interessert i ambulansetenesta?
Ruteendringsprosessen 2019 - ferje og bussruter
Pårørandeskule for deg som har omsorg for nokon med demens
Kommunestyremøte 18.september
På jakt etter ny jobb?
Grûnderkurs - Starte bedrift, skal - skal ikkje?
Vil du vere med i ungdomsrådet i Sande?
Forside
Forside
03.09.2018

Grûnderkurs - Starte bedrift, skal - skal ikkje?

Kurset gir innsikt i kva som krevjast for å starte bedrift, både personleg og formelt. Kurset vektlegg korleis du heilt frå starten kan snakke med kundar for å lære kva dei syns om ideen din, og korleis du kan vidareutvikle ideen din for å avklare om du skal starte bedrift.

Målgruppe: Kurset er retta mot personar som vurderer å starte eigen bedrift.

Ulsteinvik, Torsdag 20. september 2018, kl 10.00 - 16.00.

Informasjon og påmelding finn du her

Kva lærer du?

Kurset gir innsikt i kva som krevjast for å starte bedrift, både personleg og formelt. Korleis skal du gå fram og kven kan hjelpe deg i etableringsprosessen?

Basert på moderne entreprenørskap og “lean” tankegang, får du arbeide med å utvikle forretningsideane dine, og du lærer korleis du enklast mogleg kan teste desse ut på potensielle kundar.

Du får enkle verkty for å utvikle eigen forretningsidé, og for korleis du kan gå fram for å med finne ut kven som skal bli dine første kundar og korleis du skal marknadsføre, selje og ta betalt (forretningsmodell). Du får også innspel til korleis du kan lage ein ”lean forretningsplan”.

Målet er at du skal få tilstrekkeleg informasjon til å sjå kva som er mogleg og kva som ikkje er det, slik at du skal bli betre stand til å finne ut om du skal etablere eiga bedrift.

Kva metode brukar vi?

Kursert er basert på ein lean forretningsutviklingsmetode kalla ”Lean Business”. Den bygger på at du tar utgangspunkt i eigne ressursar, utviklar forretningsidé og forretningsmodell i samspel med moglege kundar, og at du deretter set deg mål og definerer aktivitetar for gjennomføringa. På denne måten kan du skaffe deg ei økonomisk oversikt som hjelper deg med avklaring, og til styring av prosjektet ditt.

Deltakarane får boka Lean Business Planning og tilgang til eit online verktøy.

Fagleg ansvar: Lean Business AS

Kontakt: Robert Voldnes, Ålesund kunnskapspark, avdeling Nyskaping, Ulsteinvik

Tlf: 90 65 85 17

e-post: robert.voldnes@aakp.no

Kursavgift: kr. 300,-

Forkunnskap: Ingen spesielle forkunnskapar.

Påmeldingsfrist: seinast 1 veke før kursstart.


<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
No kjem feiaren
Arbeidet med avskjeringsgrøft på Sætre har starta opp
Oppretting og sikring av gravstøtter
Hamnearbeid i Gjerdsvika - Informasjon til innbyggjarane
Jonsokbål i Sande kommune
Oppheving av vatningsforbod
Forbod mot bålbrenning
NAV Sande- stengt onsdag 20.juni
Superfredag 15.juni - Blir du med på Aktivitetsdag på Øya ?
Det kan bli nytt hyttefelt på Gota i Gjerdsvika - offentleg høyring
Kommunestyret
Rådmann Asle Giske sluttar i Sande kommune
Går du rundt med ein forretnings-ide ?
SMIL-midlar 2018
Tilskot til drenering av jordbruksjord 2018
Stenging av vass-forsyning
Formannskapet
Ekstraordinært forbod mot bålbrennig
Helse- og oppvekstutval
Næring, teknisk og miljøutval
Standrydde-aksjonen var vellukka
Kommunestyret
Vasslekkasje i Hallebygda
Hjorteteljing 2018
Feil på levering av vatn til Øvre Knotten
Har du gode foto frå Sande kommune?
Formannskapet
Vil du vere med å gjere heimesidene våre betre?
Hallvard og Victoria vidare til Landsmønstringa
Utvida frist for å søkje på plass i kulturskulen
Helse- og oppvekstutval
SANDE KOMMUNE
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Krisesenter for Sunnmøre
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
AMBU - rutetider og kontaktinfo
GATELYS - innmelding av feil og manglar
"Trygt heim for ein 50-lapp"
Sande kommune si kriseleiing
Den norske kyrkje - kyrkjekontoret på Larsnes
Tlf 70026480 / 94899874
Nav Sande
Nav Sande 55 55 33 33
Åpningstidene til Nav Sande:
Måndag, onsdag og fredag 10.00 - 12.00
Sande bibliotek
Lensmannen i Herøy og Sande
Volda kommune
Vanylven kommune
Ulstein kommune
Herøy kommune
Hareid kommune
Les meir...
Bustønad og Startlån
Les mer...
Les mer...
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Søknadskjema -portal

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen