Utanfor allfarveg - heldigvis
- Normal skriftstørrelse
Siste 10 fra Sande
Bygging av nye pasientrom på Sandetun.
Personalfesten 2010
08.09.10 Sakspapir Formannskapet
06.09.10 Sakspapir Nærings-, plan og miljøutvalet
Ny likningsverdi på bustad
31.08.10 Sakspapir Kommunestyret
15.07.10 Protokoll oppvekst- og kulturutvalet
24.08.10 Protokoll Formannskapet
23.08.10 Protokoll Naturforvaltningsnemnda
 
Ung i Sande
Tenester > Ung i Sande
24.02.2010
Ungdomsmidlar
Ungdomspanelet deler ut midler til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement som elles ikkje får støtte. Les meir på UNG.web.no. Søknadsfrist 01.april.

16.04.2009
SANDESUS 17-18 APRIL 2009
No er det endeleg SANDESUS igjen!!
Håper at mange kjem:)


23.02.2009
Ungdommens kulturmønstring 2009
Den 31 januar var det Ungdommens kulturmønstring i Sande. Det var totalt 16 ungdommar som deltok med 7 sceneinnslag og 6 utstillingar. Det var ikkje enkelt for juryen å plukke ut kandidatar til Fylkesmønstringa som skal vere på Rauma 27-29 mars.
Les meir...

18.08.2008
Helsestasjon for ungdom
Ungdomen i Sande får frå september eit nytt tilbod. Kvar mandag har helsestasjonen / legekontoret i Sande opne dører for ungdom som vil ha ein prat eller treng rettleiing til noko.
Ein treng ikkje bestille time. Det er berre å kome innom helsestasjonen mellom kl 14.00 og 15.30. Tilbodet startar 22.09.08.( og så kvar måndag)

Les meir...

25.02.2008
Stinn brakke under UKM på Larsnes
Teatergruppa i sving
Teaterframføringa "Datingkurs" med Yngve Gjerde, Peter Sivertstøl, Andreas Sætre, Tor-Jørgen Sætre Kleppe og Jørn Olsen gjekk vidare til fylkesmønstringa under UKM i Sande fredag. Det same gjorde maleria av Anne Mykkeltveit Sandanger og June Erlandsen.

Det var "stinn brakke" på Gamlebanken under framføringane, over 100 tilskodarar gjorde konkurransen til ein fest.
Les meir...

21.01.2008
Yrkesmessa 2008
Det er igjen duka for Yrkesmesse, i år blir Yrkesmessa arrangert for andre året på rad i Herøyhallen, Herøy kulturhus 23.-24. januar. Styringsgruppa for Yrkesmessa 2008 gledar seg til presentere årets messe for ungdomen, som står framfør viktige vegval i livet. Den maritime næringa dominerar regionen vår, den maritime næringa har då også lett for å dominere yrkesmessene i regionen, men arrangøren er svært opptatt av å variere messa med andre spennande yrker. Det er viktig for elevane som står framfor eit yrkesval og få ei god oversikt på dei ulike yrka som beveger seg i samfunnet. At dei får eit innblikk i kor mange ulike brikker som trengst for at samfunnet skal fungere. Ungdomen skal og ha rett til å velje kva dei vil satse på i framtida.
Les meir...
http://www.yrkesmesse.no

14.01.2008
Ny dato for Ungdommens Kulturmønstring (UKM)
På grunn av andre arrangement er det bestemt å flytte UKM til ny dato og ny arr.stad. Ny dato er 22. februar (kl 16:00). Ny påmeldingsfrist er 8. februar. Ny arr.stad er Gamlebanken på Larsnes.
Alle mellom 10 og 20 år kan delta på den lokale mønstringa. For påmelding, gå til www.ukm.no, finn Sande kommune, og meld dykk på.


Les meir...
http://www.ukm.no

04.12.2007
UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING 2008
Det er igjen tid for Ungdommens Kulturmønstring (UKM). UKM gir deg sjansen til å vise andre kva du held på med. Blir du med på den kommunale mønstringa, kan du gå vidare til fylkesmønstringa og til slutt landsmønstringa i Trondheim.
Den kommunale UKM blir gjennomført på Breidablikk, Larsnes, den 2. februar -08 kl 16:00. Påmeldingsfristen er den 20. januar -08. Meld deg på via nettsiden til UKM.
http://www.ukm.no

30.11.2007
Magnus Einang
Magnus Einang inviterer til workshop i Sande. For dei som ønskjer å ta del ring 90526634 eller 70029090.

09.11.2007
Ungdommens fylkesting
Alle kommuner i Møre og Romsdal deltek på tinget som i år er på Åndalsnes 14. - 16. november. Louise Sandvik og Håkon Kvamme er utsendingar frå Sande kommune. Tema er viktige saker som påverkar kvardagen til ungdomen i fylke. Meir informasjon på mrfylke sine sider
http://www.ung.mrfylke.no

31.10.2007
Sandesus 2007
2.-3 november er det igjen klart for Sandesus. I år vert Gamlebanken, ute- og inne arena for aktivitetar fredag og laurdag.
Fredagen vert arrangert av ungdomsklubben med lokale band "Eksposed To Failure" og "Syntetic" som trekkplasert i konsertene om kvelden.
Laurdag er det ungdomsrådet som m.a. står bak konsert med "Short Cut og Nich" som eit høgdepunkt. Elles vert helga krydra med aktivtetar og høve til sosialt samvær!
Vi ønskjer alle velkomne til årets Sandesus!


27.09.2007
Nytt ungdomsråd på plass
Sande ungdomsråd 2007/2008
Sande ungdomsråd hadde konstituerande møte
25. september.
Ungdomsrådet valde ny leiar og nestleiar, utsendingar til Ungdommens fylkesting og vedtok å arrangere Sandesus i samarbeid med Gamlebanken ungdomsklubb.


Les meir...

17.09.2007
Besøk av ungdomsarbeidar, Geir Inge
Camilla og Haakon Kristian overrekkjer på vegne av alle elevane ved Sandsøy skule ei helsing til ungdomsarbeidar, Geir Inge og ynskjer han til lukke i ny jobb.
Ungdomssteget ved Sandsøy skule hadde besøk av ungdomsarbeidar Geir Inge Brekke i dag . Han skulle hjelpe elevane med å velge nye representantar til Sande ungdomsråd. Geir Inge la fram verdifull informasjon om korleis valet skulle gå føre seg og kva slags oppgåver ungdomsrådet har og kva slags saker dei kan jobbe med. I samband med besøket overrakte leiaren og nestleiaren i Elevrådet ei lita helsing til han frå elevane ved Sandsøy skule. Med denne helsinga ville elevane vise at dei har sett stor pris på det arbeidet Geir Inge har gjort inn mot ungdommane i Sande. Alltid positiv og alltid lyttande til det dei unge har kome med særmerkjer den avtroppande ungdomsarbeidaren.Vi ynskjer Geir Inge lukke til i ny jobb!


10.09.2007
Ungdomskonferansen "All Different-All Equal "
Omlag 100 ungdommar møtte fram for å delta på ungdomskonferansen.
Første av sitt slag i regionen der ein diskuterte fordommar og kva som skal til for å skape ei betre verd og eit betre lokalsamfunn.
Fleire økter med workshop leia av Hedda B. Langemyr og Eli S. Willumsen skapte engasjement hos ungdommane.
Les meir...

12.07.2007
ENDELEG SOMMARFERIE :)
Ungdomsarbeidaren ynskjer alle unge i Sande ein fin sommarferie og vel møtt til hausten att.
Ungdomsarbeidaren har ferie frå 16. juli og er tilbake på kontoret 13. august.
Det blir "Ungdomskonferanse" i månadskiftet august/september og dermed må vi flytte Sandesus til ei anna helg enn det som var planlagt.


Tidlegare artiklar:
Ungdomskonferanse 15. - 17. juni 2007 er flytta til hausten
Ungdomsteamet med sjølvhevdingsgruppe
Kjempekjekt på Sandsøy skule
UKM og konsert med Jonas - JT Scam
Snart klart for Romjulsråkk 2006
SANDESUS 2006
Filmklipp frå Sandesus
UTEKONTAKTA
Snart klart for fjerde Sandesus
Kampanjen ”Rolig nå”
UNGDOMSRÅDET I SANDE UTNEVNT TIL AMBASSADØRAR
HURRA for midlar til ungdomsaktivitetar!
Utanfor allfarveg - heldigvis!
Fylkesmønstring UKM Møre og Romsdal 2006
ROMJULSRÅKK 2005
Viste du dette om Sandesus ?
SANDESUS 2005
TRYGT HEIM FOR EIN 50 LAPP
Skuletokt 2005
SANDSØY UNGDOMSKLUBB
Ungdomspanelet til Sande for å overrekke pris
UKM 2005
SANDE - ÅRETS UNGDOMSKOMMUNE I MØRE OG ROMSDAL 2004
INFORMASJON OM UNGDOMSTEAMET
GRATULERER ALLE UNGE I SANDE
SANDE KÅRA TIL ÅRETS UNGDOMSKOMMUNE 2004
 
Ressursar på nettet