| 07.12.2009 | 02.12.2009 Protokoll Ungdomsrådet
| |
|
|
| 16.04.2009 | SANDESUS 17-18 APRIL 2009 No er det endeleg SANDESUS igjen!! Håper at mange kjem:)
|  | |
|
|
| 11.03.2008 | 29.02.08 Protokoll Ungdomsrådet
| |
|
|
| 27.09.2007 | Nytt ungdomsråd på plass Sande ungdomsråd hadde konstituerande møte 25. september. Ungdomsrådet valde ny leiar og nestleiar, utsendingar til Ungdommens fylkesting og vedtok å arrangere Sandesus i samarbeid med Gamlebanken ungdomsklubb.
Les meir...
|
|
|
| 15.06.2007 | Ungdomskonferanse 15. - 17. juni 2007 er flytta til hausten Vi beklagar, men p.g.a. få påmeldte til ungdomskonferansen, må vi utsette den til hausten. Vi kjem tilbake med meir informasjon seinare. All Different - All Equal |
|
|
| 08.06.2006 | UNGDOMSRÅDET I SANDE UTNEVNT TIL AMBASSADØRAR Siste møtet i ungdomsrådet, før sommarferien, vart lagt til Voksa og Flatøy Holidays. Sande kommune er stolt av ungdomsrådet sitt og turen til Flatøya var ein honnør for det gode arbeidet dei gjer ved å profilere kommunen på ein positiv måte. Ungdomsrådet vart utnevnt som ambassadørar for Sande kommune og fekk utdelt kvar sin ambassadørskjorte. Les meir...
|
|
|
| 09.05.2006 | HURRA for midlar til ungdomsaktivitetar! Sande kommune får tildelt kr 100 000,- i midlar frå Barne- ungdom- og familiedirektoratet (Bufdir). Ungdomsrådet i kommunen sendte tidlegare i år inn søknad på vegne av ungdommen i Sande og har fått full utteljing på søknaden sin. Dette er ei svært gledeleg nyheit og som gjer at ein mellom anna kan arrangere både "Sandesus" og "Romjulsråkk" i år også
Les meir...
|
|
|
| 28.02.2005 | Ungdomspanelet til Sande for å overrekke pris Ungdomspanelet i fylket kom til Sande 1. mars for å overrekke prisen: "Årets ungdomskommune 2004". Dette skjedde i samband med kommunestyremøte som var same dag. Ordførar Jon garen ynskte innleiingsvis alle velkomne og ga ordet til ungdomspanelet ved leiar Aleksander Muklebust. Ungdomspanelet informerte om arbeidet sitt og gikk så over til utdeling av sjølve prisen og grunngivinga for tildelinga. Deretter tok Sande ungdomsråd ordet ved leiar Kristoffer Vestnes, som takka for prisen og oppfordra kommunestyret til å satse vidare på ungdomsarbeid. På biletet(v/Endre Vorren-Vestlandsnytt) ser vi frå vesntre: Maria D. Sandvik, Aleksander Myklebust, Ida M. Sandanger, Kristoffer Vestnes og ordførar Jon Garen.
|
|
|
| 07.02.2005 | KRISTOFFER VESTNES FEKK UNGDOMENS KULTURPRIS 2005 Kristoffer Vestnes var ein overraska og glad prisvinnar, då han fekk overrekt ungdomens kulturpris under ungdomens kulturmøstring laurdag 5. februar. Ordførar Jon Garen og banksjef Kjell Ove Vasstrand overrakte prisen, som er på kr 2000,- og ein diplom. Prisen er nyoppretta og eit samarbeid mellom Sparebanken Møre, ungdomsrådet og Sande kommune. Prien skal gå til ein ungdom som har gjort ein innsats for det frivillige ungdomsarbeidet i kommunen. Kristoffer Vestnes er med i fleire lag og organisasjonar i tillegg til å vere leiar for ungdomsrådet i Sande. Mellom anna er han leiar for Gamlebanken ungdomsklubb og Gamlebanken nettverksgruppe. Vi gratulerer og ynskjer prisvinnaren lykke til vidare !
|
|
|
| 20.12.2004 | FLOTT INNSATS AV UNGDOMEN I SANDE Etter fristen for innsamling av ungdsomkle til støte for Fretex, den 7. desember 2004, fekk ein inn 10 ekstra sekkar med kle. Dette gjorde at vi enda opp med 22 sekkar ungdomskle som vart overlevert Fretex sitt lager i Skarbøvika/Ålesund, fredag 7. januar 2005. Fretex sender stor takk til alle ungdomane i Sande som har vore med på aksjonen.
|
|
|
| 19.11.2004 | SANDE KÅRA TIL ÅRETS UNGDOMSKOMMUNE 2004
 Ungdommens fylkesting har kåra Sande til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal 2004.
I Sande har ungdomssatsinga gjennom prosjektet "Ung i Sande" vore ein suksess. Ungdommen i Sande føler at dei blir tatt med på råd og involvert i saker som vedkjem dei. Dette gjeld så vel lokalt som interkommunalt samarbeid. Ungdomsarbeidet omfattar alt frå aktivitetstilbod, politisk arbeid i ungdomsrådet og førebyggande arbeid. Ein viktig del av ungdomsarbeidet i Sande er at ungdommen sjølv er engasjert og aktiviserer seg i nært samarbeid med kommunen. Maria Sandvik og Kristoffer Vestnes (sjå bilete) frå Sande presenterte kommunen sitt kandidatur for Ungdommens fylkesting . Dei er også Sande sine representantar på fylkestingssamlinga. Dette er andre gongen prisen blir utdelt. I fjor gjekk prisen til Ørskog kommune. Følgjande aktivitetar i Sande kommune vart framheva i grunngjevinga: Sande ungdomsråd Sande ungdomsklubb (paraplyorganisasjon for fritidsklubbar, lag og organisasjonar) Tilsetjing av ungdomsarbeider Nasjonalt pilotprosjekt i lokalt ruseførebyggande arbeid Interkommunalt ungdomsteam
|
|
|