Siste 10 fra Sande
Kommunestyremøte 18.09.18
Vil du vere bøsseberar?
Vil du prøve deg som brannmann? Interessert i ambulansetenesta?
Ruteendringsprosessen 2019 - ferje og bussruter
Pårørandeskule for deg som har omsorg for nokon med demens
Kommunestyremøte 18.september
På jakt etter ny jobb?
Grûnderkurs - Starte bedrift, skal - skal ikkje?
Vil du vere med i ungdomsrådet i Sande?
Omsorgsstønad
Omsorgsstønad
Omsorgsstønad

Lovgrunnlag:
Omsorgsstønad er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §3-6 nr 3, der det heiter at kommuna skal ha tilbod om omsorgsstønad som pårørandestøtte til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Omsorgsstønad er ikkje lovfesta på same måte som andre helse- og omsorgstenester, då tildeling m.a avheng av kommuna sin økonomi.

Målsetting:
Målet for tenesta er å legge til rette for best mogleg omsorg og gjere det mogleg for private omsorgsytarar å stå for arbeidet. Omsorgsstønad kan tildelast personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Det kan vere omsorg både til born og vaksne i alle livsfasar.

Kriterier for tildeling:
• Det må ligge føre ein skrifteleg og grunngjeven søknad.
• Tidsavgrensa vedtak vert fatta på bakgrunn av kartlagde behov og ei samla vurdering av tenestetilbodet. Ved søknad om kommunale tenester vil hjelpebehovet også kartleggast i henhald til IPLOS. Dette er eit nasjonalt register som beskriv ressursar og hjelpebehov til dei som søkjer om teneste.
• Omsorgsmottakar må vere heilt avhengig av praktisk og/ eller personleg hjelp for å kunne bu heime.
• Omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngande. Det er viktig at du oppgjev mest mogleg informasjon i søknaden din. Ta gjerne utgangspunkt i eit vanleg døgn.
• Omsorgsarbeidet må gjelde nødvendige omsorgsoppgåver.
• Det er ein føresetnad at den som trenger omsorg søkjer hjelpestønad etter lov om folketrygd.
• Det kan ikkje ytast kontantstønad til pleie i eigen heim og omsorgsstønad på same tid.
Ved vurdering av storleiken på stønaden vert dette vurdert:
• Dei samla innvilga hjelpetiltak, t.d avlastning, heimehjelp og heimesjukepleie, støttekontakt og dagtilbod.
• Om søkjar har omsorgsplikt, denne gjeld for born opp til 18 år.
• Om omsorgsarbeidet fører til inntektstap for omsorgsytaren.

Kva kan du forvente frå kommunen:
• Det vert skreve oppdragsavtale mellom kommunen og omsorgsytar.
• Vedkomande vert rekna som oppdragstakar og vert lønna som assistent. Omsorgslønn vert rekna som inntekt etter skattelova. Omsorgsyter har ikkje krav på feriepengar etter ferielova.

Kva forventar vi av deg:
• Gjer deg kjend med vedtaket.
• Omsorgsytar og omsorgsmottakar har plikt til å melde ifrå dersom grunnlaget for vedtaket vert endra, til dømes auka avlastningstilbod.

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen