Siste 10 fra Sande
Kommunestyremøte 18.09.18
Vil du vere bøsseberar?
Vil du prøve deg som brannmann? Interessert i ambulansetenesta?
Ruteendringsprosessen 2019 - ferje og bussruter
Pårørandeskule for deg som har omsorg for nokon med demens
Kommunestyremøte 18.september
På jakt etter ny jobb?
Grûnderkurs - Starte bedrift, skal - skal ikkje?
Vil du vere med i ungdomsrådet i Sande?
Tidsavgrensa opphald i institusjon
Tidsavgrensa opphald i institusjon
23.03.2018

Tidsavgrensa opphald ( korttidsplass)


Illustrasjonsfoto

Lovgrunnlag:
Tidsavgrensa opphald er heimla i Helse – og omsorgstenestelova §3-2, pkt. 5.
Lov om pasient- og brukarrettar §2-1a i tillegg Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator.
Forskrift om ei verdig eldreomsorg.

Målsetjing:
Tidsavgrensa opphald er eit tilbod for å sikre at personar som har behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering, får rette tenester.
Desse tenestene kan bidra til å stimulere eiga læring, motivasjon, auka funksjons - og meistringsevne.
Likeverd og deltaking er sentrale omgrep slik at ein kan bu lengst mogeleg i eigen heim med deltaking i eit sosial liv og i samfunnet.

Kriterier for tildeling:
• Det må ligge føre ein skriftleg grunngjeven søknad frå brukar eller frå sjukehuset.
• Vedtak vert fatta etter ei tverrfagleg vurdering der tenestebehovet også vert vurdert etter opplysningar i IPLOS, (dette er eit nasjonalt register som omtalar ressursar og hjelpebehov til dei som søkjer om teneste). Opplysningar kan kome frå søkjar sjølv, frå fastlegen dersom du søkjer frå heimen eller frå sjukehuset dersom søknaden kjem derifrå.

Kva kan du forvente av kommunen:

• Skriftleg vedtak med ei orientering om betaling for tidsavgrensa opphald.
• Relevant informasjon om tenestene vert gitt når du kjem til omsorgssenteret.
• Opphaldet er ei tidsavgrensa, planlagt prosess, med klare mål og virkemiddel.
• Behov for hjelp vert kartlagt saman med fysioterapeut, lege og anna helsepersonell.
• At tenestene vert planlagt i dialog med deg og evt. næraste pårørande.
• Revurdering av tilbodet ved endra funksjonsnivå.
• All teneste vert gitt av eller i samarbeid med autorisert helsepersonell.


Kva forventar vi av deg:
• Du gjer deg kjent med innhaldet i vedtaket og orientering om betaling for tidsavgrensa opphald.
• Du tek kontakt ved behov for informasjon, råd og rettleiing.
• Du utfører sjølv det du meistrar i det daglege etter rettleiing og i samarbeid med aktuelle helsepersonell.
• Du er informert om/kjenner til at du kan måtte dele rom med ein annan person under opphaldet.
• Du skjønar at vedtaket kan endrast dersom funksjonen din endrast.
• Du sjølv er ansvarleg for verdisaker/lausøre (td. smykker, mobiltelefonar og ip-dar) som verte teke med til institusjonen.
• Du lyt sjølv ordne og betale skyss heim, før og etter eit tidsavgrensa opphald. Kjem du frå sjukehuset ordnar dei skyss til omsorgssenteret.





<<< Tilbake

Søknad om helse-og omsorgstenester
Her finn du søknadsskjemaet
BETALINGSSATSAR 2018

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen