Siste 10 fra Sande
Kommunestyremøte 18.09.18
Vil du vere bøsseberar?
Vil du prøve deg som brannmann? Interessert i ambulansetenesta?
Ruteendringsprosessen 2019 - ferje og bussruter
Pårørandeskule for deg som har omsorg for nokon med demens
Kommunestyremøte 18.september
På jakt etter ny jobb?
Grûnderkurs - Starte bedrift, skal - skal ikkje?
Vil du vere med i ungdomsrådet i Sande?
Helsetenester i heimen
Helsetenester i heimen
08.06.2018

Helsetenester i heimen (heimesjukepleie)


Målet med helsetenester i heimen er at brukaren opprettheld eller forbetrar sitt funksjonsnivå så langt som mogleg.
Tenesta kan også ha vegleiiande og opplærande føremål, for at ein skal kunne ivareta eigen helsesituasjon.

Lovgrunnlag:
Helsetenester i heimen er ei lovpålagt teneste som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §3-1 og §3-2, punkt 6, bokstav a.


Før varige hjelpetiltak etablerast skal tilrettelegging av bustad, omsorgsteknologi/ tekniske hjelpemidlar og annan form for rehabilitering/opplæring vere prøvd eller vurdert.

Helsetenester i heimen kan innebere:
• Vegleiing, oppfylging og assistanse til legemiddelhandtering
• Oppfylging av ernæringssituasjon
• Behandling, observasjon og oppfylging av sjukdom, skade og/eller etter utskriving frå sjukehus
• Støttesamtaler og andre tiltak som fylgje av psykiske lidingar til ulike brukargrupper
• Hjelp til personlig hygiene
• Lindrande behandling og omsorg for personer med kort forventa levetid og som ynskjer å døy heime.
• Kontakt med lavterskeltilbod som kreftsjukepleiar og demenskoordinator, uavhengig om man har andre tenester.


Tenesta omfattar ikkje:
• Sårbehandling, injeksjonar og prøvetaking, til brukar som kan oppsøkje legekontor.
• Brukar som har familie eller andre pårørande i nærleiken må sjølv sørgje for nødvendig følgje ved besøk hos lege/spesialist og andre offentlege kontor, samt bestilling / avbestilling / endring av timar til lege, spesialist, tannlege, fotpleie, frisør o.a.
• Hjelp til å administrere medisinar ved hjelp av dosett eller multidose vert ikkje gitt til brukarar som har pårørande som kan meistre denne oppgåva, eller dersom velferdsteknologisk utstyr som elektronisk medisindispensar kan nyttast.


Målgruppe
Heimebuande som ikkje sjølv kan oppsøkje helsehjelp grunna sjukdom eller funksjonsnedsetting, skal få hjelp i eigen heim for å få dekke grunnleggande helse- og omsorgsbehov. Helsetenester i heimen vert gitt til personar i alle aldersgrupper.


Kriterium/vilkår
Det er helsepersonell si vurdering av situasjonen og pasienten sin medisinske tilstand som avgjer:
• Kva hjelp brukaren har rett til
• Kva kompetanse den som yter hjelpa skal ha
• Omfanget på tenesta
• Kor lenge tenesta skal ytast

Kva kan du forvente av kommunen:
• Kartlegging av brukaren sitt behov med blant anna iplos vurdering, skal gjennomførast.
• Medisinske opplysningar frå fastlege skal innhentast.
• Vedtak vert sendt ut
• Helsetenester er gratis. Medisinar, elastiske strømper, bandasjemateriell til kroniske sår og anna utstyr må pasienten sjølv betale.


Kva forventer vi av deg:
• Kommunen stiller krav om at brukar tillèt montering /plassering av naudsynte hjelpemiddel i eigen heim for at hjelpepersonell kan utføre arbeidet.
• Kommunen forventar at brukar legg forholda til rette for eit forsvarleg arbeidsmiljø, med tanke på at tenesteytar skal ha moglegheit for god handhygiene (såpedispenser og tørkepapir), fysisk belastning, romtemperatur, husdyr og røyk.
• Det vert forventa at vegar er brøyta og strødd, slik at tenesteytar kjem fram til heimen.
• Smittevernutstyr som smitteboks til kanyler er pålagt



<<< Tilbake

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen