|
”Eit driftsbudsjett til å leve med – om enn trongt”. Dette er orda rådmann Gudmund Sandnes nyttar for å karakterisere budsjettframlegget for 2010, som i dag vert offentleggjort
|
Det administrative arbeidet med budsjett og økonomiplan er no ferdig, og gjort opp i balanse. Framlegget vart i veke 46 presentert for formannskapet og for kommunen sine tillitsvalde. Formannskapet skal no starte på sitt arbeid. Både møte 24.11. og 01.12. er i hovudsak sett av til budsjettarbeid. Tilrådinga frå formannskapet vert deretter lagt ut til offentleg ettersyn fram til handsaminga i kommunestyret 15.12.09.
Parallelt med formannskapet si handsaming skal dei enkelte utvala ha høve til å kome med merknader. Dei eventuelle merknadene vert lagt fram for kommunestyret til slutthandsaminga 15.12.
Både driftsbudsjettet og investeringsbudsjettet ber preg av at kommunen er Robekkommune, men og av at vi i mange år har levd over evne. Eit for høgt driftsnivå har vore mogleg ved å nytte maksimalt avkastningsmulegheitene frå fondskapitalen. Dermed har heller ikkje kommunen makta å byggje opp økonomiske bufferar tl tider avkastninga uteblir, og i slike tider vert kommunen straffa for det i form av underskot. Det akkumulerte underskotet er no på om lag 16,5 mill, og skal nedbetalast over driftsbudsjettet i løpet av fire år.
Investeringsbudsjettet er og prega av at ein i løpet av dei 10 siste åra har teke eit stort lyft på investeringssida, og at det difor no er fornuftig med ei pause.
Likevel er det funne plass til relativt tunge investeringar, særleg innan VAR-sektoren.
I økonomiplanen har vi makta å frigjere oss frå avkastningskravet i driftsbudsjettet, men først frå 2013. Først då kan vi seie at økonomien vår er vorten sunn.
|
|
|
<<< Tilbake
|
|