| 14.12.2009 | NYE VAKSINERÅD FRÅ FOLKEHELSA! Statens institutt for folkehelse opplyser i dag at dei vil frå 15.12.09 endre sine vaksineråd slik at alle barn mellom 6 mnd og 10 år berre skal ha ei vaksine. Vi kjem til å praktisere dette nye rådet allereide ved vaksineringa som vert gjennomført 15. og 16. desember i Herøy og Sande, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. Born eller vaksne med immunsupprimerande behandling skal likevel fortsatt ha to vaksiner.
Den planlagde massevaksineringa etter nyttår, av barn i denne aldersgruppa, går difor ut.
|
|