|
|
| Forside |
| Forside |
 |
VAKSINERING MOT SVINEINFLUENSA |
Du kan få avtale for vaksinering mot svineinfluensa den 4.januar på helsestasjonen. Ring servicekontoret; tlf 70026702 og meld deg på.
|
Vaksinasjon mot svineinfluensa er beste og viktigaste tiltaket for å unngå sjukdom, både influensa og meir alvorlege komplikasjonar, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen, i ein kommentar til den gode oppslutninga som vaksineringa har fått både i Herøy og Sande.
I Herøy er det pr 19.12.09 registrert nesten 4.500 (53%) og i Sande nesten 1.400 (54%) vaksinerte personar. Fordelt etter aldersgrupper er det gruppa mellom 20 – 29 år som har klart dårlegast vaksinasjonsdekning på kring 20%. Dette betyr at det er denne gruppa som har dårlegast vern mot sjukdom samstundes som det er dei yngre vaksne som har størst risiko for alvorleg komplikasjon til svineinfluensaen..
Medan vi har ei vaksinasjonsdekning på kring 80 % hjå barna så har altså foreldregenerasjonen mellom 20 – 40 år ei samla vaksinasjonsdekking på rundt 30%. Dette er eit stort paradoks, meiner kommuneoverlegen, og vil oppmode foreldra til også å vaksinere seg for på den måten å unngå alvorlege komplikasjonar når den neste influensabølgja kjem i vinter.
I Herøy vert det ny allmenn vaksinasjonsdag torsdag 07.01.10 og i Sande vert det gjennomført vaksinasjonar ved helsestasjonen.
Alle som vil ha vaksine kan no melde seg til Servicekontora i begge kommunene for nærare avtale. Vaksina kostar kr. 50,-
Du finn meir informasjon på www.pandemi.no
|
|
<<< Tilbake
|
|
 |
| Tidlegare artiklar: |
 |
|
|
|
|
|