FORTSATT VAKSINASJONSTILBOD 21.januar 2010 |
Vaksinasjon mot svineinfluensa er beste og viktigaste tiltaket for å unngå sjukdom, både influensa og meir alvorlege komplikasjonar, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. Sjølv om den første bølgja med influensa no er over, og ein har nesten ikkje nye tilfeller, så held både Herøy og Sande fram med vaksinasjonstilbodet utover vinteren slik at etternølarane og andre fortsatt kan verte vaksinerte mot svineinfluensa.
|
I Sande vert det ein siste offisiell vaksinasjonsdag torsdag 21.01.10 om ettermiddagen fram til kl. 1700. Alle som vil ha vaksine vender seg til kommunen sitt servicetorg, opplyser kommuneoverlegen.
Bestill time på telefon 70026702 eller e-post: sande.kommune@sande-mr.kommune.no
Stad for vaksinering: Sjøkanten, Larsnes
|
|
<<< Tilbake
|
|