Utanfor allfarveg - heldigvis
+ Stor skriftstørrelse
Siste 10 fra Sande
Inger Anne er med på nytt og spennande prosjekt
06.09.10 Protokoll Nærings-, plan og miljøutvalet
Sjømannslege på Sande legesenter
Bygging av nye pasientrom på Sandetun.
Personalfesten 2010
08.09.10 Sakspapir Formannskapet
06.09.10 Sakspapir Nærings-, plan og miljøutvalet
Ny likningsverdi på bustad
31.08.10 Sakspapir Kommunestyret
 
Forside
Forside

Søknad om SMIL-midlar 2010


Det er no høve til å søkje SMIL og NMSK-midlar for 2010.
Søknadsfrist for SMIL-midlar er innan 1. mai 2010.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL-midlar) skal bidra til å ivareta omsynet til miljøverdiar i kulturlandskapet og då i første rekkje på landbrukseigedomar. Tiltaka skal vere utover det som kan forventast av vanleg drift. Siktemålet er å redusere forureininga frå jordbruket og fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet. Det er høve til å søkje midlar både for aktive gardbrukarar, eigarar av landbrukseigedomar og lag og organisasjonar.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) skal stimulere til auka verdiskapning samtidig som miljøverdiane i skogen blir ivaretekne og vidareutvikla.

Føremålet med tiltaka kan t.d vere å:
-halde i hevd gamal kulturmark
-setje i stand freda og verneverdige bygningar
-bevare kulturminne og kulturmiljø
-fremme tilgjenge og opplevingskvalitet i kulturlandskapet
-bevare og fremme biologisk mangfald
-hindre forureining frå jordbruket
-føreta tynning eller rydding i skogen
-skogplanting

Kommunen har utarbeidd eigen strategi for bruken av midla, SMIL-strategi
2008 - 2011.

Det er eigne søknadsskjema for ordningane. Søknadsskjema for SMIL-midlar finn du link til under. Dersom du ønskjer å søkje om tilskott til tiltak i skogen, ber vi om at du tek kontakt med landbrukskontoret då det er ulike søknadsskjema for ulike tiltak.

Søknaden skal sendast til Sande kommune, Rådhuset, 6084 Larsnes.

SØKNADSFRIST SMIL-midlar: INNAN 1. MAI 2010.
smil_strategi_2008_-_2011(2).pdf (1.35 mb)SMIL strategi 2008 - 2011 (1.35 mb)
smil_tilskotssatsar_mv_2008(2).pdf (313 kb)Tilskottssatsar mv (313 kb)
smil_slf-430_n_word(5).doc (187 kb)Søknadsskjema SMIL-midlar (187 kb)

<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
Biblioteket i flyttemodus
Kunngjering av revidert forskrift om gebyrregulativ for byggesaker mv.
Sommaravslutning i barnehagane
AMBU - Ferierute sommaren 2010
Utvida jakttid på hjort - høyring
Gjerdsvika vassverk - informasjon
Den 10. orgelsommaren er i gong
Kartlegging av beitestatus i vinterbeiteområde for hjort på Søre Sunnmøre
Tilskotsportal for lag og organisasjonar i Sande kommune
”Lesekonkurranse” i sommar for alle barn frå 1.-7. klasse
Verneplan for hekkande sjøfugl
Nav Sande har ope 4 dagar i veka frå juni til og med august
Utbetaling av produksjonstilskot og avløysartilskot etter søknad i januar 2010.
Søknad om plass i kulturskulen - Søknadsfrist 4.juni
Marine Harvest Norway AS - Søknad om løyve til endring - Lokalitet Voldnes - Offentleg ettersyn
Hjorteteljing 2010
Hjelp til å levere sjølvmelding
Våren er her- gjer det triveleg rundt deg!
Fagdag om villsau
Demensomsorgens ABC. Oppstart av studiesirklar om demens - sjukdom på Sandetun sjukeheim.
Fagdag - hjort
Bustadsosial handlingsplan 2010 -2013
Søknad om SMIL-midlar 2010
Anbod
Holtane vassverk
Frist for søknad om kulturmidlar er 15.april
Gursken skule med ny pris!
Innstilt som rådmann i Sande kommune
Oppmoding til alle hundeeigarar
Ungdomsmidlar
Stian Endresen tilbake frå 1.mars
 
SANDE KOMMUNE
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061

Åpningstider: 08.00 - 15.30
Send e-post
NAV Sande tlf 70321840
Sande Næringsforum
Hus og hyttetomter
Les mer...
Lensmannen i Herøy og Sande
Om Sande kommune i oppslagverket
Les meir...