Nav Sande held stengt ein dag i veka dei tre sommarmånadene. Dette gjer ein for å yte betre service til kundane. - Det høyrest kanskje litt rart ut, men vi må gjere det slik for å gjennomføre ferieavviklinga og samstundes gje kundane tenestene dei skal ha, seier Nav-leiar Trine Pilskog. Nav Sande, som held til på rådhuset, held stengt onsdagar i perioden frå juni til og med august. - Det gjer vi for å ta unna saksbehandlinga slik at denne ikkje kjem på etterskot på grunn av redusert bemanning i ferien, forklarar Pilskog. - Om vi ikkje gjorde det på denne måten, ville vi ikkje hatt tid til saksbehandling, legg ho til. Opningstida er frå kl 9.30-14.00, og telefontida er frå kl 9.00 til 15.00 Det er seks tilsette ved Nav-kontoret i Sande, som i tillegg til dei tidlegare Aetat- og sosialkontortenestene også har ansvaret for barnevernet i kommunen. I tillegg har Nav for tida også ei bustadsosial prosjektstilling der mellom andre ungdom får hjelp i etableringsfasen.
Frikort kjem automatisk Frå i dag, 1. juni, vert elles den nye ordninga med frikort iverksett. No treng ikkje lenger brukarar/pasientar passe på grensa - i år 1.840 kroner - og søkje om frikort for resten av året. - Når grensa er overskriden vil det etter tre veker automatisk kome eit frikort i Posten, seier Trine Pilskog, som fortel at mange har vore usikre på dette. Det er Helfo, med telefonnummer 815 70 050, som frå no har ansvar for frikorta. Tidlegare har helseforetaket som kjent også teke pasientreisene ut av Nav og til eit eige kontor i Skien.
Møte med næringslivet Nav Sande driv kontinuerleg informasjonsarbeid, og meir slikt vert det 25. juni, når næringslivet i kommunen er invitert til frukostmøte. Her vil Nav Sande orientere og svare på spørsmål - mellom anna om IA-avtalen som har synt seg positiv for mange verksemder. Slike møte kjem på dagsorden for fleire Nav-kontor i distriktet etterkvart, og er kanskje ekstra aktuelle ettersom delar av næringslivet har litt utfordringar framover i tid.
|