Siste 10 fra Sande
Kommunestyremøte
Tilskot til frivilleg arbeid- integreringstilskot
Ope folkemøte 28. februar -Temakveld: ”Det gode liv - heile livet”
Viktig melding til alle ungdomar i Sande
Formannskapet
Inspirasjon til å starte bedrift ? Inspirasjonsdag?
Datakurs på biblioteket
Vaskedag
Har du hugsa å stemme?
Forside
Forside
16.01.2017

Aktuelle kurs for deg?


Norsk Landbruksrådgiving arrangerer ein del aktuelle kurs som kan vere aktuelle.

Autorisasjonskurs i plantevern Ålesund og Ørsta
Det blir fornyingskurs i Ålesund 19. januar kl. 10-17. Festsalen hos Tine. Påmelding snarast råd, innan 16. januar!

Det blir fornyingskurs i Ørsta 7. februar kl. 10-17. Møterommet hos Tine. Påmelding innan 1. februar.

Kurset omfattar intensiv teoriundervisning. Vi føreslår at flest mogleg tek eksamen om lag ei veke etter kurset. Prisen blir kr 2600. Dette omfattar lærebøker, mat, og avgifter til kommune og Mattilsynet. Medlemar får 30% rabatt. Påmelding og spørsmål til Olav Martin Synnes, 99573688, og Magnus Skjerdal, 90967096.

NB! Autorisasjonskurs for nye brukarar er planlagt til april/mai. Vi blir då delvis utandørs, med øvingar og demonstrasjonar. Det må vere frostfritt!


Maskinførarkurs I ÅLESUND 23.-26. mars.
Velkomne til Maskinførarkurs i Ålesund. Vi startar kl. 14 torsdag, og avsluttar med eksamen søndag ettermiddag. Timeplanen er vist nedanfor. Mindre endringar kan forekome. Fagleg ansvarlege er Kristainsand Truck-opplæring, KTO.

Timeplan.
Torsdag Kl 1400 – 2000. Frammøte. Utdeling av bøker. Informasjon. Undervisning, mat kl. 15.
Fredag Kl 1000 – 1730. Undervisning, mat kl. 1200, innlagde pausar.
Laurdag Kl 1000 – 1730. Undervisning, mat kl. 1200, øvingar ute kl. 1300-1730.
Søndag ca. 13-17 Teorieksamen.

Klede.- Laurdag ettermiddag blir det praktiske øvingar ute. Vi får leige maskinar hos ein lokal entreprenør. Hugs å ta med klede som høver for årstida.

Program.- Kurset omfattar minimum 32 undervisningstimar, eller 24 klokketimar.

Emna omfattar: Sikring, ansvar, kontroll. Arbeidsergonomi. Geoteknikk. Naturvern og fortidsminne. Maskinlære. Vedlikehald. Køyreteknikk

Ved frammøte blir det delt ut lærebok, lovverk og køyrebok. Kursavgifta vil vere avhengig av tal påmelde, mellom kr 6000-6500. Faktura delast ut første kursdag. I tillegg kjem kostnader til matservering, knapt kr 1000. Denne rekninga ettersendast.

Kjenner du nokon som kan ha nytte av kurset, så gi dei gjerne ei ekstra påminning! Vel møtt til hyggjeleg og lærerikt kurs.



Brannsikring ved varme arbeid
Det blir kurs i Ørsta 15. februar på møterommet hos Tine. Det blir kurs 16. februar i Ålesund, på festsalen hos Tine. Tid: kl. 1000-1730. Kurset omfattar teoriopplæring og praktisk øving. Sertifikatet fornyast kvart 5. år. Lærar er Kolbjørn Taklo, NLR Vest. Pris kr 2340. Medlemar betalar kr 1800. Påmelding til Kolbjørn Taklo, 91396560.


Kurs i steinsprekking
Det var stor interesse for dei to kursa vi arrangerte i haust. Vi har planar om to nye kurs i mars, eitt sør i distriktet vårt, og eitt i nord. Vi tek gjerne mot gode råd når det gjeld stad og tidspunkt.

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA










<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
Næring, teknisk- og miljøutval
Eldrerådet
Formannskapet
Søknadsfrist 1.mars for barnehageplass og plass i SFO
Varsel om oppststart av planarbeid for naustområde i Gursken Gnr 17 Bnr 2
Søkje sommarjobb?
Jobbe i barnehage?
Råd for likestilling av funksjonshemma
Invitasjon til folkemøte om kommunereforma
Datakurs for nybegynnarar
Formannskapet
Kommunestyret
Formannskapet
No kan du søkje lærlingplass
NAV Sande stengt fredag 3.februar
UKM fylkesmønstring i Midsund 31.mars - 2.april
Sande kommune treng kanskje deg?
Det skjer på Øya...
Kommunestyret
Formannskapet
Kommunereforma - Intensjonsavtale mellom Herøy og Sande
Øya - den nye samlingsstaden på Sandetun
Til foreldre som har barn i barnehagealder
Slamtømming i 2017
Er du klar til å gi di stemme?
Stabilt på legekontoret i Sande
Protokoll
Det nærmar seg UKM i Sande og du kan glede deg....
Aktuelle kurs for deg?
Vasslaust i Gjerdsvika 22.januar
Velkomne til MRmat 2017 14. – 15. februar
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-31: 9.30-13.30
Send e-post
Krisesenter for Sunnmøre
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
AMBU - rutetider og kontaktinfo
GATELYS - innmelding av feil og manglar
"Trygt heim for ein 50-lapp"
Sande kommune si kriseleiing
Den norske kyrkje - kyrkjekontoret på Larsnes
Tlf 70026480 / 94899874
Nav Sande
Nav Sande 55 55 33 33
Åpningstidene til Nav Sande:
Måndag, onsdag og fredag 09.30 - 14.00
Sande bibliotek
Les mer...
Lensmannen i Herøy og Sande
Volda kommune
Vanylven kommune
Ulstein kommune
Herøy kommune
Hareid kommune
Les mer...
Les meir...
Bustønad og Startlån
Les mer...
Les mer...

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen