Siste 10 fra Sande
Nye opningstider på NAV Sande
Minikonsert med Bror Magnus på Øya fredag 19.juni kl 13.00
Her kan du røyste!
Står du i manntalet?
Informasjon om aktivitetar i Helse- og omsorgssektoren på facebook.
Røyste i utlandet?
Vil du jobbe med helse- og omsorg i Sande kommune?
Ledig stilling som rektor/ einingsleiar ved Larsnes oppvekstsenter
Hjorteteljing 2017
Forside
Forside
11.05.2017

Skal du bygge? ….og må du søkje?


Kommunane på søre Sunnmøre kjem her med ei pressemelding - Skal du byggje og må du søke?

Her finn du aktuell informasjon for deg som går med byggeplanar.

"Det er ein del ting du kan bygge utan at ein treng å søkje kommunen om løyve. Unntaket føreset at det du skal gjere er i samsvar med gjeldande planar for området og reglane i plan- og bygningslova.
Det er du sjølv som har ansvaret for å undersøke om byggeprosjektet ditt er unntatt søknadsplikt. Gå inn på
www.dibk.no
for å undersøke om tiltaket er unnateke søknadsplikta, eller ta kontakt med byggesaksavdelinga i din kommune. Dersom byggeprosjektet ditt viser seg å vere søknadspliktig må du søkje kommunen om å innhente løyve før du startar. Alle aktuelle skjema finn du på
www.dibk.no

Døme på tiltak som kan vere unnateke søknadsplikta er:
Frittliggande bygning inntil 50 m²: garasje, uthus, dokkestove og liknande. Krav om minst 1 meter frå nabogrense, maksimal mønehøgd 4 meter og gesimshøgd 3 meter. Eigedomen må vere bygd på frå før og avstand til andre bygningar på eigedomen må vere 1 meter. Avstand til veg, frisiktsoner, utnyttingsgrad m.m. må ivaretakast i samsvar med plan. Ver også merksam på at kommunen har eigne avstandskrav mot vegområde og at ein ikkje skal bygge over vatn- og avløpsleidningar i grunnen.
Er ikkje arealet regulert, gjeld ikkje unntaksreglane for ordinære bustadeigedomar.

Tilbygg inntil 15 m²: utan rom for varig opphald (bod, ope inngangsparti, veranda o.l.). Krav om 4 meter til nabogrense, plassering på bakkenivå, utan kjellar/loft og innanfor utnyttingsgrad på eigedomen med meir. Medrekna her er også terrasse og understøtta veranda, men ikkje karnapp eller balkongar som er innkraga. Tilbygg som stove, kjøkken, bad, soverom og kontor krev altså søknad.

Leveggar: maks 1,8 meter høg / lengde inntil 10 meter, krev 1 meter avstand til nabogrense. Lengde inntil 5 meter kan stå i nabogrense.

Mindre støttemurar: Med opptil 1 meter høgde kan denne plasserast inntil 1 meter frå nabogrense.

Mindre fylling/planering av terreng: fyllingsfot skal ikkje kome nærare nabogrense enn 1 meter.

Sjå www.dibk.no for kor stort omfanget av planering kan vere, er bl.a. avhengig av type utbygd område.
Hugs til slutt at kommunen er pålagt å føre tilsyn med byggeaktivitet. Dersom eit tiltak er oppført i strid med lovverk eller plan kan kommunen krevje dette fjerna og eigar kan få bøter.

Bygningar som er oppført utan søknad må også innrapporterast til kommunen.
Dette gjer du ved å sende inn byggblankett nr 5188 , som du finn på
www.dibk.no

Er du usikker? Ta kontakt med di kommune. Vi hjelper deg!

Beste helsing frå kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta"


<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
Eldrerådet
Råd for likestilling av funksjonshemma
Kommunestyret
Formannskapet
Ryddeaksjonar i perioden 21.april til 8.mai
Ønskjer du å TA TAK?
Landbrukskonferanse 21.april i Ørsta
Formannskapet
Hjorteteljing 2017
Høyring om lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad med heildøgnstenester
Kommunestyre
Kan DU sløkkje ein brann?
Status for vassverka i Sande
Ulovleg byggearbeid
Opningstider i påskeveka
Formannskapet
Kulturmidlar - minner om søknadsfrist 15.april
Vil du jobbe med elevar med spesielle behov?
Funn av eldre arkivmateriale
Nærings-, teknisk- og miljøutval
Helse- og oppvekstutval
Formannskapet
Spørjeundersøking i Sande kommune
Nedpakking av eldre arkiv
Næring-, teknisk- og miljøutval
Helse- og oppvekstutval
Prat med Sande kommune
Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket
Vil du jobbe i helse- og omsorgsavdelinga?
Oppvekstmiljøet i Sande i fokus
Kompetanseheving i Sande brannvern
Prat med Sande kommue
Vi vil svare på spørsmål så fort vi klarer innanfor vanleg arbeidstid!
Start samtalen her
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-32: 9.30-13.30
Send e-post
Krisesenter for Sunnmøre
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
AMBU - rutetider og kontaktinfo
GATELYS - innmelding av feil og manglar
"Trygt heim for ein 50-lapp"
Sande kommune si kriseleiing
Den norske kyrkje - kyrkjekontoret på Larsnes
Tlf 70026480 / 94899874
Nav Sande
Nav Sande 55 55 33 33
Åpningstidene til Nav Sande:
Måndag, onsdag og fredag 10.00 - 12.00
Sande bibliotek
Lensmannen i Herøy og Sande
Volda kommune
Vanylven kommune
Ulstein kommune
Herøy kommune
Hareid kommune
Les meir...
Bustønad og Startlån
Les mer...
Les mer...

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen