|
|
Forside
|
Forside |
 |
|
04.12.2017 |
Miljøstasjonen i Myklebusmyrane - opningstider |
Torsdag 23. november var det offisiell opning av den nye miljøstasjonen i Myklebustmyrane i Sande kommune. Fyrste opningsdag for publikum var tysdag 28. november.
|
Foto: Martine Holm
Miljøstasjonen i Myklebustmyrane har utvida opningstider samanlikna med den gamle på Larsnes, og er open
tysdagar og torsdagar klokka 14.00-19.00.
Miljøstasjonen på Larsnes er stengt .
Den nye miljøstasjonen er ein moderne og framtidsretta miljøstasjon der ein kan levere mange typar avfall som ein ikkje får henta heime. Her blir også grein- og hageavfallsplass.
På den nye miljøstasjonen er det vektbasert betalingssystem. Er du usikker på kva som er gratis og kva som er betalingsvarer, kan du finne meir informasjon om det her.
Søre Sunnmøre reinhaldsverk ønskjer velkomen og håper mange i Sande kommune besøkjer og nyttar miljøstasjonen framover!
http://reinhaldsverket.no/
|
|
|
<<< Tilbake
|
|
 |
Tidlegare artiklar: |
 |
|
|
|
|