Siste 10 fra Sande
Næring-, teknisk- og miljøutval
Grunderkurs for deg som går med ein god ide
Endring på legekontoret
Skulerute i Sande 2017/ 2018
Tilskot til drenering av jordbruksjord 2017
SMIL-midlar 2017.
Valstyre
Asfaltering på Almestad
Skulestart i Sande
Om Sande
Forside > Om Sande
15.03.2011
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet for Sande kommune syner ei linebøye i sølv på blå botn. Våpenet symboliserer fiske, som ein har lange tradisjonar for i Sande. Kommunevåpenet vart godkjent i 1987.Det er Jarle Skuseth som har designa kommunevåpenet. Ideen til motiv var det Helge Kragseth som hadde.

06.09.2013
Utanfor allfarveg - heldigvis!
Anten draumen din er ein stille rotur langs land, ein tur med bærspannet til ei bortgøymd myr i skogen, eller du berre ønskjer å finne deg eit nes i vasskanten for å nyte solnedgangen – så kan du kanskje finne det akkurat her. Og ønskjer du å sjå korleis naturkreftene viser makta si, kjenne lukta av sjøen som bryt mot rullesteinane på stranda og høyre måsen skrike når du nærmar deg reirplassen hans, så finn du også det her i Sande: Ei lita øykommune utanfor allfarveg – men likevel ganske så sentralt når du tenkjer over det!

Det meste kan du finne lokalt i kommunen, her har vi nærbutikk, frisør og bensinstasjon, utestader, kyrkjer og offentlege tenester. Og kommunen har eit særs rikt kulturliv med kor, korps, idrettslag, sogelag og foreningar av ulikt slag. Ønskjer ein andre tilbod, så finst dette mindre enn ein halv times køyretur bort frå kommunesenteret – og heller ikkje resten av verda er så langt borte når ein tenkjer over det.
Ein kan slik gjerne seie at om Sande ligg utanfor allfarveg, så kan vi nå det meste på kort tid.
Sande kommune ligg like nord for Stadt og kommunen har ca 2600 innbyggarar, spreidde omkring på fem øyar ut mot havet. Kommunen har ungdomsskular på dei tre største øyane, fem barneskular og like mange barnehagar, altså berre i 5 minutts avstand frå der vi bur! Vi har eit allsidig næringsliv i kommunen; landbruk og fiske er dei tradisjonelle næringane, skipsindustri og maritim produksjon står sterkt, medan det har vore satsa sterkt på turisme dei siste åra. Kva med ein opplevelsesferie for familien på ei rorbu ved sjøkanten, eller ein eksklusiv søndagstur til ”katedralen” i Dollsteinhola?



Vi som er innbyggarar i Sande set pris på den flotte naturen vi har i kommunen vår, det gode oppvekstmiljøet vi kan tilby ungane våre og alle fritidsaktivitetane vi kan delta i. Men vi vil gjerne dele dette med deg, anten det er i form av eit besøk til kommunen vår, eller om du kan tenkje deg å busetje deg her. Vi treng fleire som vil bu ”glokalt” slik som oss:
Utanfor allfarveg – heldigvis!

Er du interessert i meir informasjon om kommunen, ser vi gjerne at du tek kontakt med oss!



31.01.2016
Den nye Sandefilmen
Sande kommune og næringslivet i Sande kommune står bak den nye Sandefilmen som vart lansert på Sandemessa i november 2015 .
Tindefilm med sandssokningen Tor Sivertstøl, har laga filmen. Her blir natur og næringsliv presentert på ein litt utradisjonell, men framifrå måte.

Les meir...

09.02.2011
Faktainformasjon om Sande
Sande er ein liten kommune heilt sør i Møre og Romsdal, med eit areal på ca. 91 kvadratkilometer. Kommunen ligg sentralt regionen søre Sunnmøre, og har kort veg til regionsentra Ulstein og Ørsta/Volda. Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Selje.
Sande kommune har vel 2600 innbyggjarar (2636 pr. 01.01.14), og har hatt ein fin vekst dei siste åra. Her bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen.

Meir enn halvparten av kommunen sine innbyggjarar bur i bygdene Larsnes og Gursken, medan resten bur i Gjerdsvika og på øyane Kvamsøy og Sandsøy. Larsnes er kommunesenteret.

Sande har eit aktivt næringsliv, og er ei av få kommunar i fylket med meir enn 100 % arbeidsplassdekning. Bedriftene er i stor grad knytt til den maritime næringa.
Du finn lenkjer til mange av bedriftene i Sande under Sandeportalen.
Tusenårsstaden til Sande kommune er friluftsområdet «Kongsvollen» på Sandsøya. Her finn «Spelet om kong Arthur» stad. Spelet var kommunen sitt tusenårsprosjekt, og er eit humoristisk sogespel om Kong Arthur som kom til øya Doll, eit tidlegare namn på Sandsøya. Sogespelet har vorte eit viktig kulturarrangement for kommunen, og har vorte vist nesten kvar sommar med stor suksess.

I Sande finn du mange fine turmål, som du kan nå til fots på sykkel eller ved å bruke båt. Sjå forslag til turar her:
http://morotur.no

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
SANDSØY -EI OPPLEVING
www.sandsoy.no/index.html
VELKOMEN TIL KVAMSØY
kvamsoya.com
GJERDSVIKA
Gjerdsvika.no
GURSKEN
gursken.com
LARSNES galskap og moro
larsnes.no

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen