Siste 10 fra Sande
Ledige stillingar som helsesøster
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Politisk
Politisk
11.03.2011

Varsel om oppstart av arealplanarbeid - forslag til planprogram ut til offentlig ettersyn


Sande kommunen vil med dette orientere privatpersonar, verksemder, frivillige organisasjoner og andre offentlige organ, om at arbeidet med rullering av arealplanen startar.

Vedlagt ligg:
1. Sande kommune, kommuneplan 2009-2020, Rullering av arealplan, forslag til planprogram.
2. Tematisk arbeidsopplegg
3. Framdriftsplan


Rullering av kommuneplanen sin arealdel
I samsvar med plan- og bygningslova, § 11-12, varslar Sande kommune at det vert sett i gang arbeid med rullering av kommuneplanen sin arealdel for perioden 2012 – 2020.
Kommuneplanen sin arealdel er ein overordna plan som femner om heile kommunen, både land- og sjøareal. Planen skal syne byggjeområde (bustader, næringsliv, offentlege formål, hytter o.a.), landbruks-, natur og friluftsområde, verneområde, bruk av sjøområda (oppdrett, friluftsliv o.a.) og viktige samferdsleformål.
Målet med planarbeidet er å oppdatere eksisterande arealdel, samt å leggje arealmessig til rette for vidare utvikling av Sande-samfunnet.

Viktige problemstillingar er:
• nye utbyggingsområde,
• landbruk-, natur- og friluftsområde,
• strand – og sjøområde og vassdrag,
• kommunikasjonssystem på sjø/land,
• tettstadsutvikling.

Andre viktige problemstillingar er:
• Miljø og naturressursar,
• helse og trivsel,
• samfunnstryggleik,
• infrastruktur o.a. , og
• forholdet til gjeldande reguleringsplanar.


Planprogram til offentleg ettersyn
Sande kommunestyre vedtok 08.03.2011, sak 27/11/09, forslag til planprogram for rullering av kommuneplanen sin arealdel.

I samsvar medplan- og bygningslova §§ 11-13, vert forslag til planprogram for rullering av kommuneplanen sin arealdel lagt ut til offentleg ettersyn.

I planprogrammet for kommuneplanen sin arealdel er det gjort greie for siktemålet med planarbeidet, viktige problemstillingar og framlegg til framdriftsplan for planarbeidet. Ein viser også til kommuneplanen sin Samfunnsplan.

Planprogrammet (med tilhøyrande dokument) er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget på Sande rådhus og på kommunen si heimeside, www.sande-mr.kommune.no, med høve til å kome med merknader.

Innspel til kommuneplanarbeidet og merknader til planprogrammet skal vere skriftlege og sendast til Sande kommune, 6084 Larsnes, innan 28.04.2011. Ein ber om at ein i merknadene skil mellom innspel til planarbeidet (A) og innspel til planprogrammet (B).



Rådmannen


planprogram_arealplanprosess.pdf (5.7 mb)
tematisk_arbeidsopplegg.pdf (1.87 mb)
framdriftsplan.pdf (30 kb)

<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Reglement for folkevalde i Sande kommune
Reiserekningsskjema
Fyll ut, skriv ut og send til Sande kommune. Hugs å legge ved bilag.
Brønnøysundreg.
KS
Kart, naturbaser
Les mer...

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen