Siste 10 fra Sande
Næring, teknisk- og miljøutval
1.mai er frist for å søkje plass i kulturskulen
Eldrerådet
Råd for likestilling av funksjonshemma
Kommunestyret
Formannskapet
Ryddeaksjonar i perioden 21.april til 8.mai
Ønskjer du å TA TAK?
Landbrukskonferanse 21.april i Ørsta
Val 2015
Politisk > Val 2015
07.07.2015

Står du i manntalet?


For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå i manntalet. Manntalet for Sande kommune vert lagt ut i veke 29 på Sande Rådhus. Manntalet vert liggande til ettersyn til og med valdagen.

Alle som står i manntalet skal i løpet av juli ha fått tilsendt valkort. Har du ikkje fått valkort, må du sjekke kvifor.

Du kan kontrollere om du står i manntalet ved å møte opp på Servicekontoret eller ringe tlf 70026700.

Har du meldt flytting til ein annan kommune etter 30.06.2015, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Vil du røyste i den nye kommunen, må du gjere det i form av førehandsrøysting i perioden 10.08 – 11.09, evt. tidlegrøysting fram til 07.08.15.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, eller det er feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeven, og sendast Sande Valstyre, Rådhuset, 6084 Larsnes.

Vi viser til vallova, særleg § 2-6, 2-7 og 2-8, og valforskrifta særleg § 1 og § 2. Valstyret kan oppdatere manntalet så lenge det er praktisk mogleg.

Skjema for søknad om innføring i manntal (920 kb)

<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-31: 9.30-13.30
Send e-post

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen