Siste 10 fra Sande
Næring, teknisk og miljøutval
Transporttenesta for funksjonshemma
Standrydde-aksjonen var vellukka
Kommunestyret
Vasslekkasje i Hallebygda
Hjorteteljing 2018
Oversikt over lag og organisasjonar
Feil på levering av vatn til Øvre Knotten
Har du gode foto frå Sande kommune?
Tenester
Tenester
05.04.2005
AKAN i Sande kommune

AKAN er Arbeidslivets komite mot alkoholisme og narkomani.
Formålet med AKAN i Sande kommune er å ivareta tryggleik, garantera kvalitet og fagleg standard og å oppretthalda eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Dessutan å motverka rusmisbruk gjennom opplysning og hjelpa medarbeidarar i ein vanskeleg situasjon.
Å møta på arbeid i ruspåverka tilstand kan medføra oppseiing eller avskjed. Vår haldning er likevel at ingen skal mista jobben utan først å ha fått høve til å ordna opp i eit eventuelt rusmiddelproblem.
Gjennom AKAN-opplegget har vi faste prosedyrer for kva som skal gjerast dersom rusmiddelmisbruk skulle forekomma.
Alle har eit medansvar for arbeidsmiljøet. Det betyr at den enkelte er medansvarleg for å melda frå til næraste leiar dersom det er mistanke om rusmisbruk. Den enkelte leiar er ansvarleg for å følgja opp i tråd med retningslinene, herunder tilby AKAN-opplegg.

AKAN-retningslinene er ein del av kommunen sitt Internkontrollsystem, sjå nærmare i IK-permen pkt 9.6.
SANDE KOMMUNE
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Les mer...

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen