Siste 10 fra Sande
Hurra, no er det språkkafe igjen!
Skulestart i Sande
Grunder med ein forretningside ?
"Du skal itte trø i graset..." og ikkje kaste søppel der heller
No kjem feiaren
Arbeidet med avskjeringsgrøft på Sætre har starta opp
Kulturminneplanen 2015-2025 - Sande kommune
Tilbodet ved biblioteket
Oppretting og sikring av gravstøtter
Tenester
Tenester
13.02.2004

Gjerdsvika Barnehage


Gjerdsvika barnehage er ein 1 avdelingsbarnehage med plass til 18 barn. Barnehagen er eigd av Sande kommune.

Barnehagen held til i kjellaren på Fredtun, som er forsamlingshuset til bygda. Der har vi eit stort innearela med nok av "tumleplass". Leiker og utstyr er her masse av og vi har det riktig triveleg ….
Ute har vi mange muligheiter. Uteplassen er stor med eigen akebakke, og ulike leikeapparat. Vi har og eit nærområde med variert natur, sandstrand og skog.

Personalet er ein "samansveisa" gjeng som trivest godt ilag. Personalet består av:

Dagmar E. Vidnes styrar
Cecilie P. Anderson Ped. leiar
Anne P. Gjerde Assistent
Marie Refsnes Assistent
Mary Anne Kleppe Assistent

Opningstida til barnehagen er frå 07.00 - 16.30. Barnehagen er stengd jul- og nyttårsafta. I romjula er her ope etter behov.

Måltid: Barna må ha med seg niste for heile dagen. Det er høve til å la barna ete frukost i barnehagen, spesielt for dei som kjem tidleg. Barna får mjølk og frukt i barnehagen og krav om betaling, vert sendt ut ein gong i månaden. Ein gong i veka har vi "matdag". På denne dagen lagar vi mat i barnehagen og barna slepp difor og ta med eiga niste.

Dersom dykk lurer på noko så ta gjerne turen innom eller ring oss på telefon 700 29622.

Vennleg helsing alle oss i Gjerdsvika barnehage.


<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Les mer...

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen