|
|
| Ung i Sande |
| Tenester > Ung i Sande |
 |
| 19.11.2004 | SANDE KÅRA TIL ÅRETS UNGDOMSKOMMUNE 2004
 Ungdommens fylkesting har kåra Sande til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal 2004.
I Sande har ungdomssatsinga gjennom prosjektet "Ung i Sande" vore ein suksess. Ungdommen i Sande føler at dei blir tatt med på råd og involvert i saker som vedkjem dei. Dette gjeld så vel lokalt som interkommunalt samarbeid. Ungdomsarbeidet omfattar alt frå aktivitetstilbod, politisk arbeid i ungdomsrådet og førebyggande arbeid. Ein viktig del av ungdomsarbeidet i Sande er at ungdommen sjølv er engasjert og aktiviserer seg i nært samarbeid med kommunen. Maria Sandvik og Kristoffer Vestnes (sjå bilete) frå Sande presenterte kommunen sitt kandidatur for Ungdommens fylkesting . Dei er også Sande sine representantar på fylkestingssamlinga. Dette er andre gongen prisen blir utdelt. I fjor gjekk prisen til Ørskog kommune. Følgjande aktivitetar i Sande kommune vart framheva i grunngjevinga: Sande ungdomsråd Sande ungdomsklubb (paraplyorganisasjon for fritidsklubbar, lag og organisasjonar) Tilsetjing av ungdomsarbeider Nasjonalt pilotprosjekt i lokalt ruseførebyggande arbeid Interkommunalt ungdomsteam
|
|
 |
| Tidlegare artiklar: |
 |
|
|
|
|
|