| 07.02.2005 | UKM 2005 UKM gjekk av stabelen laurdag 5. februar på Breidablikk/Larsnes. Mange flotte innslag og eit par utstillingar på årets Ungdomens kulturmønstring i Sande. Desse gjekk vidare til fylkesmønstringa: Exsposed to failur - rockeband Magnus Einang - dans Karina Longva - song/gitar
Sande og Vanylven kommunar har samarbeidt om dette arrangementet dei siste åra. Det var kulturkontoret, ungdomsrådet og Kvinne & Familieforbundet som stod for sjølve arrangementet. Maria D. Sandvik og Marthe Longva var programleiarar, medan andre medlemmer i ungdomsrådet stod for billetsal m.v. Håkon Vestnes hadde orden på lyden.
Kristoffer Vestnes fekk Ungdomens kulturpris 2005. Dette kan du lese meir om på sidene til ungdomsrådet.
|
|