| 11.05.2005 | SANDSØY UNGDOMSKLUBB Omlag eit 30-tals ungdomar møtte fram på Dollstun då "Sandsøy ungdomsklubb" opna. Aldersgruppa er frå 5. klasse t.o.m. 10. klasse og foreldra er også med som vakter og "kakebakarar". Klubben har ikkje så mykje spel og utstyr enno, men dette kjem etter kvart som ein får "pengar i kassa". Biljard og kortspel er på plass og framover vil ein prøve å få ein del brettspel og kanskje eit bordtennis. Karaoke er populært og stemninga var stor. Til slutt måtte også foreldra fram for å vise sine ferdigheiter, til stor stas for oss som høyrde på. Klubben kjem til å ha ope ein gong i månaden medan fotballsessongen står på, og kanskje litt oftare til sommaren. "Sandsøy ungdomsklubb" er eit tiltak under "Sandsøy ungdomslag" og har eige styre der både foreldre og ungdom er med. Ungdomsarbeidaren var der og hadde med seg karaokeanlegg.
|
|