| 19.08.2005 | TRYGT HEIM FOR EIN 50 LAPP "Trygt heim for ein 50-lapp" er eit transporttilbod til deg som er under 25 år, som gjer at du kan reise heim på ein trygg måte på kvelds- og nattestid i helgane. Heimkøyringa går føre seg med drosje, noko som gjer at du slepp å nytte privatbil for å kome deg heim frå ulike arrangement. Drosjane køyrer etter bestemte ruter og til fastsette tider. Kvar kommune har ein fast dag for ordninga (fredag eller laurdag). Dersom du tingar turen før kl. 21.00 den kvelden ruta skal køyrast, er du sikker på å få drosje heim for 50 kroner. Drosja kan køyre inntil 3 km utanfor den fastsette ruta utan at du betaler noko meir. For turar utover dette betaler du vanleg drosjetakst for denne delen av strekninga. Les meir HER |
|