|
|
| Ung i Sande |
| Tenester > Ung i Sande |
 |
SANDESUS 2005 |
Nok ein gong vart det full klaff då Ungdomsrådet i Sande for tredje gong stod for tilskipinga Sandesus som er eit rusfritt tilbod til ungdom i Sande. Fredagskvelden var det storkonsert og mykje ungdom på Breidablik med både nasjonale og lokale popstjerner. Laurdag var det aktivitetsdag i Gamlebanken og Gokartkøyring ved Larsnes Last og Buss.
|
 | Sluttseksvensen på fredgaskonserten der alle var samla på scena. Foto: Arthur Vestnes |
|  | | Karaoke 2 |
|  | | Karaoke 1 |
|  | | "Gutta boys" i aksjon på playstation. |
|  | | Ut på laurdagskvelden dukka denne pusekatten opp og ville vere med på Sandesus og katten fekk mykje kos og klem. |
|  | | Ein avslappa gjeng i "kosestova". |
|  | Kleen Cut i aksjon. Bak ser vi Dj Rumblin. Kjempestemning når han fletta inn "Sande for life" i låtane sine. Foto: Arthur Vestnes |
|  | Dansarar frå Herøy kulturskule. F.v.: Rikke, Maria og Ida. Foto: Arthur Vestnes |
|  | Nora og Maria (K) sel vafler i kiosken. Foto: Arthur Vestnes |
|  | Frå internettkafeen. Foto: Arthur Vestnes |
|  | Sunniva, Ida, Geir Inge og Martha. Foto: Arthur Vestnes |
|  | Publikum i ellevill begeistring. Foto: Arthur Vestnes |
|  | Dina skapte kjempestemning i salen og alle song med. Foto: Arthur Vestnes |
|
Formålet med konserten var ikkje å fylle huset til randen, men å gi Sandeungdomen eit rimeleg tilbod som ein oftast må reise til meir sentrale strøk av landet, for å delta på. P.g.a. god plass hadde vi i år opna for at ungdom frå våre nabokommunar kunne ta del på Sandesuskonserten. Konserten starta med "Exposed to failure" frå Gjerdsvika som sørga for å sette standarden på stemninga i salen. Desse er med i bandet: Jogeir Hånes (gitar), Karl Andre Sydhagen (bass) og Torleif Pettersen (trommer). Publikum var med frå starten av og kunne dei ha letta taket hadde dei nok gjort det og denne stemninga holdt seg gjennom heile kvelden. Så overtok dansarane frå Herøy kulturskule som leverte to danseoppvisningar. Kjempetøft! Etter dette fekk vi ei lita pause for omrigging av scena og publikum ropte utolmodig på Dina og Kleen Cut. Dei kom og leverte kvar sine forrykande show. Ungdomen fekk nær kontakt med artistane og jamvel kome opp på scena ved eit par høve og synge saman med dei. Her er helsing frå Kleen Cut til ungdomane i Sande, sitat: "Heisann og takk for sist på Sandesus! Håper dere ble fornøyde. Jeg hadde det ihvertfall veldig bra hos dere i Sande. Jeg jobber med ungdom selv i Skedsmo kommune ved siden av musikken, og må si at dere har en veldig engasjert gruppe ungdommer som stiller opp for å få ting til å skje. Det er ikke bare bare å få til det." Takk! - Kleen
At Breidablik ble valgt som konsertlokale, var av praktiske årsaker i høve dei krav artistane har til garderobe, scenestorleik, rigging av lyd og lys m.m. Kort oppsummert fekk ungdomen ein konsert med variert innhald, og ikkje minst at konserten var ”her heime” i Sande. Lyd og lys var ved Jogeir Hånes og Kristoffer Værnes, som gjorde ein kjempeinnsats for å få det så bra som det vart. Årets Sandesusfilm vert ferdig redigert i løpet av hausten og de vil då få same tilbod om visning som før om åra.
Nettside til Kleen Cut
|
|
<<< Tilbake
|
|
 |
| Tidlegare artiklar: |
 |
|
|
|
|
|