Utanfor allfarveg - heldigvis
+ Stor skriftstørrelse
Siste 10 fra Sande
Inger Anne er med på nytt og spennande prosjekt
06.09.10 Protokoll Nærings-, plan og miljøutvalet
Sjømannslege på Sande legesenter
Bygging av nye pasientrom på Sandetun.
Personalfesten 2010
08.09.10 Sakspapir Formannskapet
06.09.10 Sakspapir Nærings-, plan og miljøutvalet
Ny likningsverdi på bustad
31.08.10 Sakspapir Kommunestyret
 
Ung i Sande
Tenester > Ung i Sande

Full utteljing på søknaden om midlar til ungdomsaktivitetar.


Til saman vert det utdelt kr 2, 85 millionar til ungdom i distrikta og Sande er ei av dei heldige kommunene som no kan nyte godt av denne ordninga.
Ungdom i 42 kommunar får med dette fleire og betre mogelegheiter til aktivitet.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) delar på vegne av Barne- og likestillingsdepartementet ut årets tilskot til ungdomssatsing i distrikta.
42 kommunar får opptil 100 000 kroner og Sande er ei av 8 kommuner som får utdelt denne summen.

Ungdom har vore med på å bestemme kva for tilbod kommunane har søkt om, og i alt inviterte Departementet 61 små distriktskommunar med stor nedgang i folketalet til å søke. 49 av desse leverte søknad.

- Det er eit krav at ungdom deltek i arbeidet med søknaden og at dei får vere med på iverksetting av aktivitetane. Gjennom dialogar med ungdom kan kommunane få ein betre ungdomspolitikk som kan styrke busetjing og lokalkjensle, seier barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem.

- Kommunane har sett i verk mange gode tilbod som resultat av tilskota. Det er eit stort mangfald av aktivitetar som ungdom har ynskt seg, og det er ikkje alltid det skal så store summar til for å skape aktivitetar som gjev auka trivsel, seier statsråd Karita Bekkemellem.

I Møre og Romsdal vart 6 kommunar inviterte til å søke og fem av desse har fått tildelt midlar, men berre Sande fekk "full pott". Midlane må sjølvsagt nyttast i henhold til søknaden og i grove trekk vil det sei: Sandesus, Romjulsråkk, utstyr til friluftsaktivitetar og utstyr til mobile klubbkveldar.
Sande ungdomsråd f.v.: Ida Sandanger, Helge Sandanger, Sunniva Johansen, Martha Våge, Johann Longva, StianKnotten og Nora Viken.
Maria Kalsnes, Maria Sandvik og Kristoffer Longva var ikkje til stades då vi tok biletet.


<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
Ungdomskonferanse 15. - 17. juni 2007 er flytta til hausten
Ungdomsteamet med sjølvhevdingsgruppe
Kjempekjekt på Sandsøy skule
UKM og konsert med Jonas - JT Scam
Snart klart for Romjulsråkk 2006
SANDESUS 2006
Filmklipp frå Sandesus
UTEKONTAKTA
Snart klart for fjerde Sandesus
Kampanjen ”Rolig nå”
UNGDOMSRÅDET I SANDE UTNEVNT TIL AMBASSADØRAR
HURRA for midlar til ungdomsaktivitetar!
Utanfor allfarveg - heldigvis!
Fylkesmønstring UKM Møre og Romsdal 2006
ROMJULSRÅKK 2005
Viste du dette om Sandesus ?
SANDESUS 2005
TRYGT HEIM FOR EIN 50 LAPP
Skuletokt 2005
SANDSØY UNGDOMSKLUBB
Ungdomspanelet til Sande for å overrekke pris
UKM 2005
SANDE - ÅRETS UNGDOMSKOMMUNE I MØRE OG ROMSDAL 2004
INFORMASJON OM UNGDOMSTEAMET
GRATULERER ALLE UNGE I SANDE
SANDE KÅRA TIL ÅRETS UNGDOMSKOMMUNE 2004
 
Ressursar på nettet