Utanfor allfarveg - heldigvis
+ Stor skriftstørrelse
Siste 10 fra Sande
Bygging av nye pasientrom på Sandetun.
Personalfesten 2010
08.09.10 Sakspapir Formannskapet
06.09.10 Sakspapir Nærings-, plan og miljøutvalet
Ny likningsverdi på bustad
31.08.10 Sakspapir Kommunestyret
15.07.10 Protokoll oppvekst- og kulturutvalet
24.08.10 Protokoll Formannskapet
23.08.10 Protokoll Naturforvaltningsnemnda
 
Ung i Sande
Tenester > Ung i Sande

SANDESUS 2006


Sandesus har eit budsjett på omlag 80 000 kroner, midlar som vi skaffar ved hjelp av søknader. I år var vi heldige å få "full pott" på vår søknad til BUFDIR (Barne, ungdoms- og familiedirektoratet), som gir dette på vegne av Barne- og likestillingsdepartementet. Det er Sande ungdomsråd og ungdomsarbeidaren i kommunen som står som arrangegør, og samarbeidde i år med styret i Gamlebanken ungdomsklubb.

Sandesus er først og fremst eit ungdomsarrangement (frå 8. klasse og oppover), men laurdagen har vi på dagtid ope for alle som kan krype og gå. Dette meiner vi er med å skape bru mellom generasjonane, og er i så måte ein samlande faktor for "Sandssokningen".
Årets arrangement hadde fylgjande aktivitetar å tilby:
Paintball (i skogen bak rådhuset), gokartbane rundt "Larsnes Last og Buss",
workshop i break-/streetdance i kommunestyresalen,
skatepark på rådhusplassen, to konsertar i Gamlebanken,
biljard, bordtennis, playstation m/singstar og buzz,
internettkafe, airhockey, fotballspel, ulike brettspel, kiosk,
gratis skyss heim begge dagane og ikkje minst - sosialt samvær i eit rusfritt miljø.
Til å styre workshop i dans, hadde vi leigt inn Rudi Celso og Zuider Zee frå dansegruppa Manoeuvres, kjent frå Norway-Cup show, Hitawards og Spelemannsprisen. Skateparken var det trippel norgesmeister Henning Braaten som styrte, saman med konfransier Kjell Fiskerud.
Fredag var det konsert med ulsteinbandet "Deep Frozen", og laurdag hadde vi besøk av bandet "Soak", der mellom anna Maria (Idol) Tøsse var vokalist.
Adventura Gjerdsvika tok seg av paintball og frå Vanylven kom dei med gokartar.
Inne i Gamlebanken hadde ungdomsrådet i sving alle sine 10 medlemmar som sytte for at kiosken og "inneaktivitetane" gjekk som dei skulle. I tillegg var dei ansvarleg for køordninga fram for paintball arenaen og gokartbana.
Vi må også gje honnør til dei tre damene frå Larsnes helselag som kom med vaffelrøre og steikte vafler til oss. Vaflene var kjempegode og dei tre kjekke damene var Bjørg Nordal, Mary Johansen og Unni Petersen. Vi kan heller ikkje gløyme Knut Nystøyl og Larsnes Last og Buss, som alltid stiller opp og hjelper oss med gokartbana, samt naboane til området som let oss få "bråke" i to heile dagar i strekk. Både ei gokartbane og ein skatepark må være fri for stein. Øyvind Grønnevik hjalp oss med dette. Jogeir Hånes og Kristoffer Værnes stod for lyd og lys under årets Sandesus og dei er to kjekke kara frå Gjerdsvika.
Til å hjelpe oss med skyss heime begge dagane hadde vi Eldor Johansen (busstransport) og Ambu / Knut Werkland(båtskyss).

Mest av av alt vil vi takke ungdommen i Sande, som nok ein gong har vist at det faktisk går an å skipe til eit rusfritt arrangement.
Utan ungdommen - intet Sandesus!
Henning Braaten i aksjon

Henning Braaten hoppar over frivillige frå publikum - veldig tøft :-)

Henning Braaten er nordisk meister og trippel norgesmeister på skateboard.

Henning Braaten held oppvisning fram for rådhuset i Sande.

Henning Braaten i aksjon på medbrakt skatepark.

Full rulle med Henning Braaten

Autografskriving

Vi trur nok at Henning Braaten fekk seg ein ny tilhengarskare i Sande.

Henning Braaten får overlevert ungdomsrådet sin kampanjeskjorte, "Rolig nå",

Henning Braaten klar til å dele ut premier til dei som prøvde skateparken.

Premieutdeling.

Takk for premien.
Den handa vert nok ikkje vaska på ei stund :-)

Bjørg, Mary og Unni frå Larsnes helselag steiker vafler.

Her stiller leiar i ungdomsrådet, Ida M. Sandanger til radiointervju.

Henning Braaten lærer frå seg triks 1

Henning Braaten skateboardskule.

Skateparken fram for Sande rådhus.

Soak med Maria "Idol" Tøsse spelte laurdag i Gamlebanken.

Rudi Celso, Zuider Zee og Henning Braaten kjem til Sande.
Sjølvsagt måtte vi stoppe på "Doperla" for ein fotosession.

Tre timar workshop i breakdance i kommunestyresalen med Rudi og Zuider.

Playstationspelet Buzz var svært populært.

Full kamp på fotballspelet.

Kioskvakter.

"Deep Frozen" spelte fradag kveld i Gamlebanken.

Kiosken i Gamlebanken.

Full fart rundt fotballspelet.

Publikum hadde det kjekt på begge konsertane.

Sandesus er kjekt og sosialt.

Arbeidsgjengen som stod for Sandesus - godt slitne etter ei kjempekjekke helg.

sandesusradio.wav (7.15 mb)Radiointervju frå Sandesus 2006 (7.15 mb)

<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
Ungdomskonferanse 15. - 17. juni 2007 er flytta til hausten
Ungdomsteamet med sjølvhevdingsgruppe
Kjempekjekt på Sandsøy skule
UKM og konsert med Jonas - JT Scam
Snart klart for Romjulsråkk 2006
SANDESUS 2006
Filmklipp frå Sandesus
UTEKONTAKTA
Snart klart for fjerde Sandesus
Kampanjen ”Rolig nå”
UNGDOMSRÅDET I SANDE UTNEVNT TIL AMBASSADØRAR
HURRA for midlar til ungdomsaktivitetar!
Utanfor allfarveg - heldigvis!
Fylkesmønstring UKM Møre og Romsdal 2006
ROMJULSRÅKK 2005
Viste du dette om Sandesus ?
SANDESUS 2005
TRYGT HEIM FOR EIN 50 LAPP
Skuletokt 2005
SANDSØY UNGDOMSKLUBB
Ungdomspanelet til Sande for å overrekke pris
UKM 2005
SANDE - ÅRETS UNGDOMSKOMMUNE I MØRE OG ROMSDAL 2004
INFORMASJON OM UNGDOMSTEAMET
GRATULERER ALLE UNGE I SANDE
SANDE KÅRA TIL ÅRETS UNGDOMSKOMMUNE 2004
 
Ressursar på nettet