| 29.05.2007 | Ungdomsteamet med sjølvhevdingsgruppe Ungdomsteamet har halde kurs i sjølvhevding for 8 klasse ved Gursken oppvekstsenter. Det har vore fire samlingar fordelt på 2 grupper. Kurset tek sikte på å lære elevane å bli sikrare på seg sjølv, for betre å stå rusta når ting ikkje alle tider går slik ein tenkjer. Alle skulane i Sande kan nytte seg av tilbodet frå Ungdomsteamet. Det er Elisabeth Slettestøl og Geir Inge B. Brekke som har vore kursleiarar. Heidi Skoge er kontaktlærer for 8 klassingane.
|
|