 | | Øvelsar i gymsalen ved Larsnes skule |
|
Fleire spørsmål vart reist vedkome fordommar vi måtte ha. Det gjekk på handikap, legning, rasespørsmål, motepress, miljøspørsmål, nord/sør problematikk m.m. Med andre ord ulike tema der ein kanskje ikkje tenkjer over dei fordommane ein måtte ha. Og ungdommane lot seg meir enn gjerne engasjere og provosere når dei meinte at påstandane som vart lagt fram, var feil. Det heile leda av Hedda Langemy og Eli Willumsen, som arbeider for kampanjen. Pauser må til når ein startar klokka 11.00 på føremiddagen og ikkje er ferdig før seint på kvelden. Frukt og grønt vart servert og pizza kom på bordet seinare på dag. Konferansen vart avslutta med ein heidundrandes bra rockekonsert. Faiht for eight" frå Kvamsøy, "Exposed to failure" frå Gjerdsvika og "Pikkabird" frå Ulsteinvik skapte god stemning. HV-lyd (Jogeir Hånes og Kristoffer Værnes) sytte for at lyden var perfekt. All Different-All Equal er støtta av Europarådet og av den norske stat.
|