Sande ungdomsråd hadde konstituerande møte 25. september. Ungdomsrådet valde ny leiar og nestleiar, utsendingar til Ungdommens fylkesting og vedtok å arrangere Sandesus i samarbeid med Gamlebanken ungdomsklubb.
Leiar: Louise D. Sandvik (Gursken). Nestleiar: Helge M. Sandanger (Gjerdsvika). Utsendingar til Ungdommens fylkesting, som er i november, vart: Louise D. Sandvik med personleg vara Frida Vestnes (Larsnes). Håkon Kvamme (Kvamsøy) med personleg vara Helge M. Sandanger. Sandesus vert helga 2. - 3. november.
På biletet ser vi det nye ungdomsrådet. Bak frå venstre: Thomas Gulbrandsen (Larsnes), Marte S. Gjerde (Gjerdsvika), Solveig V. Rusten (Sandsøy), Sivert Miguel H. Hansen (Sandsøy), Helge M. Sandanger (Gjerdsvika) og Håkon Kvamme (Kvamsøy). Framme frå venstre: Martin R. Brekke (Kvamsøy), Frida Vestnes (Larsnes), Louise D. Sandvik (Gursken) og Sondre Rødseth (Gursken).
|