| 24.02.2010 | Ungdomsmidlar Ungdomspanelet deler ut midler til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement som elles ikkje får støtte. Les meir på UNG.web.no. Søknadsfrist 01.april.
|
|
|
| 16.04.2009 | SANDESUS 17-18 APRIL 2009 No er det endeleg SANDESUS igjen!! Håper at mange kjem:)
|  | |
|
|
| 23.02.2009 | Ungdommens kulturmønstring 2009 Den 31 januar var det Ungdommens kulturmønstring i Sande. Det var totalt 16 ungdommar som deltok med 7 sceneinnslag og 6 utstillingar. Det var ikkje enkelt for juryen å plukke ut kandidatar til Fylkesmønstringa som skal vere på Rauma 27-29 mars. Les meir...
|
|
|
| 18.08.2008 | Helsestasjon for ungdom Ungdomen i Sande får frå september eit nytt tilbod. Kvar mandag har helsestasjonen / legekontoret i Sande opne dører for ungdom som vil ha ein prat eller treng rettleiing til noko. Ein treng ikkje bestille time. Det er berre å kome innom helsestasjonen mellom kl 14.00 og 15.30. Tilbodet startar 22.09.08.( og så kvar måndag)
Les meir...
|
|
|
| 25.02.2008 | Stinn brakke under UKM på Larsnes Teaterframføringa "Datingkurs" med Yngve Gjerde, Peter Sivertstøl, Andreas Sætre, Tor-Jørgen Sætre Kleppe og Jørn Olsen gjekk vidare til fylkesmønstringa under UKM i Sande fredag. Det same gjorde maleria av Anne Mykkeltveit Sandanger og June Erlandsen.
Det var "stinn brakke" på Gamlebanken under framføringane, over 100 tilskodarar gjorde konkurransen til ein fest. Les meir...
|
|
|
| 21.01.2008 | Yrkesmessa 2008 Det er igjen duka for Yrkesmesse, i år blir Yrkesmessa arrangert for andre året på rad i Herøyhallen, Herøy kulturhus 23.-24. januar. Styringsgruppa for Yrkesmessa 2008 gledar seg til presentere årets messe for ungdomen, som står framfør viktige vegval i livet. Den maritime næringa dominerar regionen vår, den maritime næringa har då også lett for å dominere yrkesmessene i regionen, men arrangøren er svært opptatt av å variere messa med andre spennande yrker. Det er viktig for elevane som står framfor eit yrkesval og få ei god oversikt på dei ulike yrka som beveger seg i samfunnet. At dei får eit innblikk i kor mange ulike brikker som trengst for at samfunnet skal fungere. Ungdomen skal og ha rett til å velje kva dei vil satse på i framtida. Les meir... http://www.yrkesmesse.no |
|
|
| 14.01.2008 | Ny dato for Ungdommens Kulturmønstring (UKM) På grunn av andre arrangement er det bestemt å flytte UKM til ny dato og ny arr.stad. Ny dato er 22. februar (kl 16:00). Ny påmeldingsfrist er 8. februar. Ny arr.stad er Gamlebanken på Larsnes. Alle mellom 10 og 20 år kan delta på den lokale mønstringa. For påmelding, gå til www.ukm.no, finn Sande kommune, og meld dykk på.
Les meir... http://www.ukm.no |
|
|
| 04.12.2007 | UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING 2008 Det er igjen tid for Ungdommens Kulturmønstring (UKM). UKM gir deg sjansen til å vise andre kva du held på med. Blir du med på den kommunale mønstringa, kan du gå vidare til fylkesmønstringa og til slutt landsmønstringa i Trondheim. Den kommunale UKM blir gjennomført på Breidablikk, Larsnes, den 2. februar -08 kl 16:00. Påmeldingsfristen er den 20. januar -08. Meld deg på via nettsiden til UKM. http://www.ukm.no |
|
|
| 30.11.2007 | Magnus Einang Magnus Einang inviterer til workshop i Sande. For dei som ønskjer å ta del ring 90526634 eller 70029090.
|
|
|
| 09.11.2007 | Ungdommens fylkesting Alle kommuner i Møre og Romsdal deltek på tinget som i år er på Åndalsnes 14. - 16. november. Louise Sandvik og Håkon Kvamme er utsendingar frå Sande kommune. Tema er viktige saker som påverkar kvardagen til ungdomen i fylke. Meir informasjon på mrfylke sine sider http://www.ung.mrfylke.no |
|
|
| 31.10.2007 | Sandesus 2007 2.-3 november er det igjen klart for Sandesus. I år vert Gamlebanken, ute- og inne arena for aktivitetar fredag og laurdag. Fredagen vert arrangert av ungdomsklubben med lokale band "Eksposed To Failure" og "Syntetic" som trekkplasert i konsertene om kvelden. Laurdag er det ungdomsrådet som m.a. står bak konsert med "Short Cut og Nich" som eit høgdepunkt. Elles vert helga krydra med aktivtetar og høve til sosialt samvær! Vi ønskjer alle velkomne til årets Sandesus!
|
|
|
| 27.09.2007 | Nytt ungdomsråd på plass Sande ungdomsråd hadde konstituerande møte 25. september. Ungdomsrådet valde ny leiar og nestleiar, utsendingar til Ungdommens fylkesting og vedtok å arrangere Sandesus i samarbeid med Gamlebanken ungdomsklubb.
Les meir...
|
|
|
| 17.09.2007 | Besøk av ungdomsarbeidar, Geir Inge Ungdomssteget ved Sandsøy skule hadde besøk av ungdomsarbeidar Geir Inge Brekke i dag . Han skulle hjelpe elevane med å velge nye representantar til Sande ungdomsråd. Geir Inge la fram verdifull informasjon om korleis valet skulle gå føre seg og kva slags oppgåver ungdomsrådet har og kva slags saker dei kan jobbe med. I samband med besøket overrakte leiaren og nestleiaren i Elevrådet ei lita helsing til han frå elevane ved Sandsøy skule. Med denne helsinga ville elevane vise at dei har sett stor pris på det arbeidet Geir Inge har gjort inn mot ungdommane i Sande. Alltid positiv og alltid lyttande til det dei unge har kome med særmerkjer den avtroppande ungdomsarbeidaren.Vi ynskjer Geir Inge lukke til i ny jobb!
|
|
|
| 10.09.2007 | Ungdomskonferansen "All Different-All Equal " Omlag 100 ungdommar møtte fram for å delta på ungdomskonferansen. Første av sitt slag i regionen der ein diskuterte fordommar og kva som skal til for å skape ei betre verd og eit betre lokalsamfunn. Fleire økter med workshop leia av Hedda B. Langemyr og Eli S. Willumsen skapte engasjement hos ungdommane. Les meir...
|
|
|
| 12.07.2007 | ENDELEG SOMMARFERIE :) Ungdomsarbeidaren ynskjer alle unge i Sande ein fin sommarferie og vel møtt til hausten att. Ungdomsarbeidaren har ferie frå 16. juli og er tilbake på kontoret 13. august. Det blir "Ungdomskonferanse" i månadskiftet august/september og dermed må vi flytte Sandesus til ei anna helg enn det som var planlagt.
|
|
|