|
|
| Ungdomsrådet |
| Tenester > Ung i Sande > Ungdomsrådet |
 |
Full utteljing på søknaden om midlar til ungdomsaktivitetar. |
Til saman vert det utdelt kr 2, 85 millionar til ungdom i distrikta og Sande er ei av dei heldige kommunene som no kan nyte godt av denne ordninga. Ungdom i 42 kommunar får med dette fleire og betre mogelegheiter til aktivitet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) delar på vegne av Barne- og likestillingsdepartementet ut årets tilskot til ungdomssatsing i distrikta. 42 kommunar får opptil 100 000 kroner og Sande er ei av 8 kommuner som får utdelt denne summen.
|
Ungdom har vore med på å bestemme kva for tilbod kommunane har søkt om, og i alt inviterte Departementet 61 små distriktskommunar med stor nedgang i folketalet til å søke. 49 av desse leverte søknad.
- Det er eit krav at ungdom deltek i arbeidet med søknaden og at dei får vere med på iverksetting av aktivitetane. Gjennom dialogar med ungdom kan kommunane få ein betre ungdomspolitikk som kan styrke busetjing og lokalkjensle, seier barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem.
- Kommunane har sett i verk mange gode tilbod som resultat av tilskota. Det er eit stort mangfald av aktivitetar som ungdom har ynskt seg, og det er ikkje alltid det skal så store summar til for å skape aktivitetar som gjev auka trivsel, seier statsråd Karita Bekkemellem.
I Møre og Romsdal vart 6 kommunar inviterte til å søke og fem av desse har fått tildelt midlar, men berre Sande fekk "full pott". Midlane må sjølvsagt nyttast i henhold til søknaden og i grove trekk vil det sei: Sandesus, Romjulsråkk, utstyr til friluftsaktivitetar og utstyr til mobile klubbkveldar.
|
 | Sande ungdomsråd f.v.: Ida Sandanger, Helge Sandanger, Sunniva Johansen, Martha Våge, Johann Longva, StianKnotten og Nora Viken. Maria Kalsnes, Maria Sandvik og Kristoffer Longva var ikkje til stades då vi tok biletet. |
|
|
|
<<< Tilbake
|
|
 |
| Tidlegare artiklar: |
 |
|
|
|
|
|