Utanfor allfarveg - heldigvis
+ Stor skriftstørrelse
Siste 10 fra Sande
Bygging av nye pasientrom på Sandetun.
Personalfesten 2010
08.09.10 Sakspapir Formannskapet
06.09.10 Sakspapir Nærings-, plan og miljøutvalet
Ny likningsverdi på bustad
31.08.10 Sakspapir Kommunestyret
15.07.10 Protokoll oppvekst- og kulturutvalet
24.08.10 Protokoll Formannskapet
23.08.10 Protokoll Naturforvaltningsnemnda
 
Skule
Tenester > Skule
25.05.2010
Pals
Skulane i Sande kommune har fått tilbod om opplæring og oppfølging i PALS. Ingunn Byrkjedal frå statped Vest orienterte 25.05.10 om den skuleomfattande, kunnskapsbasert og praktisk retta tiltaksmodell der målet er å styrke og støtte skulen sitt arbeid med å forebygge og stoppe problematferd og støtte eleven sin sosiale kompetanse og prososiale utvikling.
Opplæringen i PALS vert gjennomført som eit utviklingsarbeid i den einskilde skule over tre år. Kvar skule etablerar eit PALS - team. Ein tilsett frå PP-tenesta leiar opplæringsprogrammet på skulen. PALS-rettleiarar i det statlige spesialpedagogiske kompetansesentra, Statped koordinerar innsatsen i region.
Kvar skule i Sande må innan 01.06 ta stilling til om dei vil satse på dette utviklingsprosjektet retta mot atferd.

Meir informasjon finn ein på atferdssenteret sine sider.
http://www.atferdssenteret.no/positiv-atferd-stoettende-laeringsmiljoe-og-samhandling-pals/category161.html

Kirkeby skole er ein " palsskole". Les om denne skulen sin PALS informasjon.

20.11.2009
Høyring- Endring i føremålsparagrafen i barnehagelova
Kunnskapsdepartementet sender på høyring endring i føremålsparagrafen i barnehagelova.

Dersom nokon har innspel til dette, kan ein sende dei til departementet innan 15.januar.

Du finn høyringsdokumentet på

http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/hoeringer/hoeringsdok/2009/horing- endringer-i-barnehageloven-som-f.html?id=586674

17.11.2009
Sande best i lesing!
Elevane i Sande er flinkast å lese - naturlegvis!
Elevane i Sande scorar best i nordvest på nasjonale prøver i lesing. Sande ligg heilt på topp i 5. klasse, og på 2. plass bak Selje i 8. klasse. Sunnmørsposten har meir om saka.
Les meir på smp.no

16.10.2009
Fotballtalent tek arbeidsveka si på Sandetun sjukeheim.
Aina Kvamme, fotballtalent frå Kvamsøya og keeper på ungdomslandslaget, har valgt å ta arbeidsveka si i 10. klasse på sjukeheimen. Ho seier ho likar å arbeide med menneske og vurderer eit yrke innanfor helse. Vi synest det er positivt at Aina ville ta arbeidsveka si her og ho har gjort eit godt inntrykk, seier pleiarane på sjukeheimen.

08.07.2009
Unge hjelper eldre
Ungdom som enno ikkje har fått seg sommarjobb kan ta kontakt med servicekontoret på Rådhuset, tlf 70026700
Servicekontoret formidlar kontakter for dei som treng hjelp til diverse hagearbeid/ husarbeid / målingsarbeid eller anna arbeid.

03.04.2009
Flott musikal av elevane ved Sandsøy skule
Onsdagskvelden synte elevane frå 1.-10. klasse musikalen "Mamma Mia " på ungdomshuset Dollstun for foreldre, syskjen, besteforeldre, tanter, onklar og elles mykje bygdefolk.
Elevane sang, spelte, dansa og dramatiserte musikalen på ein framifrå måte. I musikktimane og i ein del friminutt har elevane saman med lærar Åse- Beth øvd til denne framsyninga. Kjempebra jobba og flott resultat. Elles var det ei god matykt der foreldra til ungdomstrinnet stod for serveringa.Vi gled oss til neste vår og ny vårfest.

16.02.2009
Grundercamp 2009 for Åram, Sandsøy og Kvamsøy skular
Elevane frå tre skular her representert ved Amalie Sofie, Kent Arne frå Sandsøy skule, Alexander frå Kvamsøy skule og Heidi frå Åram skule har hatt ei lærerik og kjekk veke.
Fredagskvelden 13.februar var det stort frammøte på avslutninga på Grundercampen for ungdomsskulane Åram, Sandsøy og Kvamsøy på Åram skule.Foreldre, syskjen, representantar for dei ulike bedriftene var møtt opp for å sjå og høyre kva dei ulike gruppene hadde jobba med denne veka.Mykje flott og godt arbeid frå elevane si side. Dommarpanelet bestod av ordførarane - Helgøy frå Vanylven og Vaagen frå Sande, Odd Kåre Vik, Stine Bratteberg frå Sjustjerna og Rekkedal - kulturkonsulent frå Vanylven. Dei hadde ei stor og vanskeleg oppgåve å premiere dei tre beste resultata.Dei kom fram til at gruppa som hadde laga refleks, suvenir til Vanylven kommune og brosjyra i høve Sande Fastlandsamband ver verdige vinnarar. Elevane hadde hatt ei kjempespennande veke der dei hadde jobba saman med medelevar frå dei ulike skulane. Alt i alt ei kjempekjekk veke.



22.01.2009
Norskopplæring for vaksne innvandrarar i Sande kommune
Gursken oppvekstsenter
Vaksenopplæringa (norskundervisning for innvandrarar) er lokalisert til
Kvamsøy oppvekstsenter, 6087 Kvamsøy
og Gursken oppvekstsenter, 6082 Gursken

Det vert starta opp grupper – etter behov og påmelding – i august og januar kvart år.

Frå 1.1.09 er følgjande undervisningsgrupper aktive:

GURSKEN OPPVEKSTSENTER – VAKSENOPPLÆRINGA
• Undervisning dagtid 5 – 9 timar fordelt på 2-3 dagar
• Kveldsundervisning – 2 Grupper - måndagar à 3 timar

Prisar: Eigenandel for dei utan rett - er p.t. kr. 75,- pr. time

Sjå elles: Integrerings- og mangfaldsdirektoratet: http://www.imdi.no
: Gursken oppvekstsenter: :http://pedit.no/gs/sande

Sande kommune - heimeside
orientering_om_norskundervisning_-_rett,_rett_og_plikt_og_berre_plikt(2).doc (34 kb)Orientering om norskundervisning;-rett,rett og plikt og berre plikt (34 kb)
sande_kommune_sine_krav_til_deltakarane.doc (27 kb)Sande kommune sine krav til deltakarane. (27 kb)
doeme_paa_avtale_om_undervisning.doc (26 kb)Døme på avtale om undervisning (26 kb)
info_til_arbeidstakere_fraa_eoes-_eller_efta-omraadet.pdf (457 kb)Info til arbeidstakarar frå EØS- eller EFTA området (457 kb)
rett_og_plikt_engelsk.pdf (185 kb)Rett og plikt -engelsk (185 kb)
rett_og_plikt_thai.pdf (143 kb)Rett og plikt -thai (143 kb)
rett_og_plikt_tyrkisk.pdf (230 kb)Rett og plikt -tyrkisk (230 kb)
rett_og_plikt_russisk.pdf (235 kb)Rett og plikt - russisk (235 kb)

20.10.2008
Bygdekafe i Gjerdsvika
Skulen i Gjerdsvika arrangerte torsdag bygdekafe på Fredtun. Skulekoret synte fram noko av det dei har jobba med i haust, foreldre og tilsette hadde baka kaker, sveler og bollar, elevane og dei tilsette gav tombolagevinstar og med butikken i Gjerdsvika, Myklebust og Metiz-data fekk vi fine gevinstar til loddboka. Det kom mykje folk og salet av både mat og lodd gjekk flott. Resultatet vart på 11150,- kroner og dette vart delt på TV-aksjonen og Redd Barna. Takk til alle som støtta innsamlinga vår


16.10.2008
Tombola til inntekt for TV- aksjonen 2008
Jnetene i !.-4.klasse tek ein pust i bakken etter endt innsats.
Elevane i 1.-4.klasse saman med lærar Åse- Beth laga til tombola til inntekt for TV- aksjonen 2008 på COOP - marked på Sandsøya onsdag 15.oktober.Elevane hadde rulla lodd og ordna med gevinstar. Alle barn og vaksne ved Sandsøy skule leverte inn ein gevinst kvar og nokre besteforeldre støtta og tombolaen ved å gi gevinstar. Ein del barn, foreldre og andre bygdafolk møtte opp og støtta aksjonen. På eit par timar fekk vi inn ca. 3000 kr. Pengane skal gå til Blå Kors og det arbeidt dei driv.Sandsøy oppvekstsenter oppfordrar dei andre oppvekstsentera i kommunen til å ta del i liknande aktivitetar.

Tidlegare artiklar:
Nye fagarbeidarar
Skulerute 2008-11
Kvamsøyelevar på topp i hopp!
Barnehagedagen 2008 i Sande
Gursken oppvekstsenter. Presentasjon og prisutdeling på tilsaman 120.000 kr frå Maritimt Forum Norvest
Ein solid gjeng
Gratulasjon til Gursken oppvekstsenter!
Trippelsiger til Gursken oppvekstsenter!
UK-day at Sandsøy!
Nasjonal kampanje mot hovudlus
Høyring på kommuneplanen godt i gang ved Sandsøy oppvekstsenter.
Yrkesmessa 2008
Pedagogisk nettverk i Sande
Gursken oppvekstsenter..
"Programfag til val ". Nytt fag i skulen.
" Det lydlause kor "
Kafé for TV-aksjonen:
Personalseminar for lærar og assistentar ved Gursken oppvekstsenter
Høyring på ny føremålsparagraf for barnehagen og for grunnopplæringa
Samarbeid mellom skulane og kommuneplanleggar
Samarbeid på tvers av kommunegrensene
Frukt til alle elevane ved Gursken oppvekstsenter..
"Vaktvestar"
Besøk av ungdomsarbeidar, Geir Inge
Nytt skuleår- nye utfordringar- nye sjansar
Eksamensavvikling ved ungdomsskulane i Sande.
VÅREN + FØRSKULEDAGAR = SANT
Kulturskulekonsert
Fleire lærarar i Sande tek del i Språkpakka
DUGNAD I SKULEPARKEN
SKULEPLANEN
 
Kontakter
Øystein Johansen

Reglar for utleige/utlån av barnehage- og skulebygg
Søknadsskjema SFO-plass
Reviderte vedtekter for SFO i Sande
Sjustjerna
Brukerundersøkinga
Karakterstatistikk
Opplæringslova
Stortingsmelding nr. 30: "Kultur for læring"
Læreplanar
Skulerute 2007 - 2010