| 02.07.2010 | Gebyrregulativ 2010
| |
|
|
| 11.03.2010 | Reguleringsplan Sjølyst NPM-utvalet har i møte den 8.3.2010,sak 13/10 vedteke eit framlegg til endring av reguleringsplanen for Sjølyst. Les meir...
|
|
|
| 05.03.2010 | Martikkellova Frå 01.01.2010 gjeld Matrikkellova. Lova skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar, ved at det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, og at grenser og eigedomsforhold blir klarlagde.
|
|
|
| 18.01.2010 | Oppstart av arbeid med reguleringsendring for SJØLYST I samvar med plan- og bygningslova, § 12-8, vert det varsla oppstart av arbeid med reguleringsendring for deler av gjeldande reguleringsplan for Sjølyst.
Les meir...
| |
|
|
| 04.01.2010 | Vassleidningsbrot Gjerdsvika reparert Vatn i leidning frå klubbhus og utover mot Hide vart satt på att ca. 20.00. I forbindelse med dette vil der antakeleg forekome ein del vatn med høgt fargetall.
|
|
|
| 04.01.2010 | Stort vassforbruk i Gursken/Haugsbygd Det er no svært stort forbruk på "Myklebustledninga". Vi driv no feilsøking med eige personell for å finne ut av dette. Om det er nokon blant publikum som har tips om mulige vasslekasjer på strekninga Myklebust - Rødset, så kan de gi melding om dette på tlf 70029176.
|
|
|
| 04.01.2010 | Vassledningsbrot i Gjerdsvika Ca kl 13:15 vart det oppdaga vassledningsbrot i Gjerdsvika. Dette medfører at det er vasslaust frå klubbhuset i retning Hide. Gravemaskin og personell vil vere på plass ca kl 16:00. Om ikkje noko uforutsett oppstår, vil vatnet vere tilbake i løpet av tidlig kveld. Vi beklager ulempene dette medfører.
|
|
|
| 17.12.2009 | Holtane Vassverk Denne veka har det vore tekniske utfordringar ved Holtane vassverk. Resultatet ut til våre kundar har vore farge på vatnet. Vi har fortsatt tekniske utfordringar ved Holtane vassverk. Dette, i tillegg til stort forbruk ute på nettet, medfører at vi går inn i helga med minimale vassmengder i alle bassenga. Dette til orientering!
|
|
|
| 29.08.2009 | Vassproblem på Larsnes I løpet av natt til laurdag har høgdebassenget på Larsnes vorte nedtappa pga tekniske feil ved renseanlegget i Dalen. Dette medfører at fleire er utan vatn. Det vert jobba med å rette feilen, men det vil ta litt tid før situasjonen har normalisert seg. Vi beklager ulempene dette medfører for den enkelte.
|
|
|
| 11.08.2009 | GURSKEN VASSVERK Pga ekstra stort vassforbruk i deler av denne sommaren, har det i perioder vore levert vatn som ikkje har vore tilstrekkeleg rensa for farge. Forbruket er no meir normalt og ein reknar med at vassverket i løpet av veka vil kunne produsere reint vatn. Det vil likevel ta noko tid før det skitne vatnet som er i ledningane og bassenga vert skifta ut, men vi ventar at kvaliteten vil betre seg i løpet av få dagar. Drikkevatnet har i denne perioden vore desinfisert med klor og UV-strålar, slik at det skal ha vore bakteriefritt og trygt å drikke. Vi beklagar denne hendinga. Leiar for teknisk eining
|
|
|