Siste 10 fra Sande
Rådhuset i Sande kommune og sentralbordet er ope i romjula frå kl 9.30 - 14.00
Omsorgsbustad
Vil du ha jobb i helse- og omsorgssektoren i Sande
Ambu - båtskyss i jule- og nyttårshelga 2017/2018
Kommunestyremøte
Formannskapsmøte
Jorunn Breivik - ny fagarbeidar på Sandetun sjukeheim
Tildeling av adressenummer i Sande kommune
Miljøstasjonen i Myklebusmyrane - opningstider
Brannvern
Tenester > Teknisk > Brannvern
Feiing
Kommunen har plikt til å syte for at det vert utført feiing og tilsyn med fyringsanlegg.Dette er fastsett i Lov om brannvern og Forskrift om brannførebyggande tiltak og brannsyn.
Fritidshus er ikkje omfatta av ordning med lovpålagt feiing og tilsyn,men kan få utført feiing etter søknad.
For å få utført feiing må bygninga vere tilrettelagt for feiing med godkjendt takstige eller feieluke på loft.Manglande tilrettelegging for feiing gir ikkje fritak for betaling av feieavgift.
Feiing skal utførast kvart 2.år og tilsyn kvart 4.år .
Sande kommune inngått avtale med Vakt og kontrollservie på Hareid for utføring av feiing og tilsyn for 2015 og 2016.

I 2017 blir det feiing i Gjerdsvika, Gurskebotn og Kvamsøy
og tilsyn.

Gebyrsatsar for feiing for 2017:
Normalgebyr: kr 328,00 inkl. mva
Tillegg pr pipeløp: kr 165,00 inkl. mva

Sande brannvern
Kommunene har gjennom brannlovgivninga krav om å organisere og drifte brannvernet i kommunen.
Brannvernet skal utføre brannførebyggande arbeid både mot særskilte brannrisikoer og for ålmenta generelt.
Vidare skal brannvernet iverksette redningsarbeid når brann og andre ulykker oppstår.

I Sande kommune er brannberedskapen samla på Larsnes brannstasjon.
16 brannkonstablar inngår i beredskapsordninga, og har oppmøtestad lokalisert til denne brannstasjonen når brann eller andre ulykker oppstår.

På Kvamsøy og Sandsøy har kommunen branndepot med noko mindre utstyr. Vidare har kommunen ei skogbrannreserve som er samansett av 6 personar på kvar av øyane.

Kommunen sitt ansvar med omsyn til nødmelding om brann og ulykker er organisert gjennom Møre og Romsdal 110-sentral KF.
Dette føretaket er oppretta og eigd av Ålesund kommune, og Sande kommune betalar årleg driftstilskot til dette føretaket.


Spørsmål om brannvernet eller om brannrelaterte tema kan rettast til:
Kjell Martin Vikene - brannsjef
Rasmus Ekroll - vara-brannsjef
Kjell Hauge - leiar forebyggande tenester
Ronny Prozenko - leiar beredskaps tenester
Oddbjørn Indregård - opplæringsreformen (internt).
Rasmus Ekroll - feiing av skorsteiner og tilsyn med fyringsanlegg




Rasmus Johan Ekroll
Avdelingsingeniør/ sakshandsamar
 
Kjell Martin Vikene
Teknisk sjef
Ronny Prozenko
ingeniør
 
Kjell Hauge
Ingeniør
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Sande kommune si kriseleiing
Feie - teneste
Vakt - og kotrollservice v/ Leif Hareide utfører feiing i Sande
tlf 91 56 16 34
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
DSB har gjort sine lover, forskrifter og veiledninger, samt diverse fagstoff, elektronisk tilgjengelig
Brannmannen
Fagtidsskrift utgitt av Oslo Brannkorps forening. Eit ressurssenter for brannmenn.

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen