| 31.03.2004 | Velkomen til landbrukssida! Her vil du finne aktuell informasjon innan temaet landbruk.
|
|
|
| 24.08.2010 | Hjortejakta 2010 - Ettersøkshund De finn oversikt over godkjente ettersøkshundar og godkjente hundar for bruk i eige lag i Ettersøkshundregistret på sidene til Norsk Kennel Klub.
Ettersøkshundregistret... |
|
|
| 10.08.2010 | Landbruksteljing 2010 Statistisk Sentralbyrå gjennomfører ei ny fullstendig landbruksteljing i 2010.
Skjema og meir informasjon om teljinga vart utsendt frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) i slutten av juli. Opplysningar kan leverast på tilsendt skjema eller elektronisk via Altinn.
Fristen for å sende skjema til SSB er 20. august 2010.
|
|
|
| 10.08.2010 | Søknad om tilskot gjennom Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal Vi minner om søknadsfristen 20. august 2010!
Føresetnaden for å søkje tilskot frå dei ulike ordningane i miljøprogrammet er at føretaket har rett på produksjonstilskot og har miljøplan trinn 1. Det er tilleggskrav for nokre av ordningane.
Tilskot til skjøtsel av verdifullt kulturlandskap som vart innført i 2009 er teke ut av tilskotsprogrammet etter jordbruksforhandlingane våren 2010 og tilskot til bratt areal er innført igjen. Tilskot til sauer som går ute heile året og stort sett greier seg sjølv er no erstatta av tilskot til skjøtsel av kystlynghei, men gjeld framleis sauer som går ute heile året. Dyra må hente hovuddelen av foret frå kystlynghei, produksjonen må vere godkjent av Mattilsynet og føretaket må ha miljøplan trinn 2 som inneheld skjøtselsplan for kystlyngheia.
Søknadsskjema finn du bakerst i det tilsendte rettleiingsheftet. Ta kontakt med landbrukskontoret så snart som muleg dersom du ikkje har fått tilsendt rettleiingsheftet eller er ny søkjar. Les meir... |
|
|
| 10.08.2010 | Søknad om produksjonstilskot pr. 31.07.2010 Vi minner om søknadsfristen 20. august 2010!
Det skal vere sendt søknadsmateriell til alle som har søkt dei siste søknadsomgongane. Dersom du ikkje har fått søknadsmateriellet eller er ny søkjar, ber vi om at du tek kontakt med oss på landbrukskontoret så snart som muleg.
Vi minner om at det er høve til å levere søknaden elektronisk via Altinn.
Les meir....... |
|
|
| 21.06.2010 | Kartlegging av beitestatus i vinterbeiteområde for hjort på Søre Sunnmøre Bioforsk sin rapport "Kartlegging av beitestatus i vinterbeiteområder for hjort på Søre Sunnmøre" er no tilgjengeleg via kommunen si heimeside. Les meir...
| |
|
|
| 31.05.2010 | Utbetaling av produksjonstilskot og avløysartilskot etter søknad i januar 2010. Ei melding til deg som søkte om produksjonstilskot og avløysartilskot i januar i år, den 11. juni 2010 skal; dersom alt går etter planen; få tilskotet inn på konto. NB!!! Når du mottek utbetalingsbrevet ditt skal du sjå over det for å kontrollere at du har fått det du søkte på. Er det noko som du meiner er feil, så ta kontakt med oss på landbrukskontoret.
|
|
|
| 27.04.2010 | Marine Harvest Norway AS - Søknad om løyve til endring - Lokalitet Voldnes - Offentleg ettersyn Det ligg føre søknad frå Marine Harvest Norway AS om løyve til endring av anleggsplassering og - utforming av flytande anlegg for oppdrett av matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjø på lokaliteten Voldnes i Herøy og Sande kommunar.
Søknaden blir lagt ut til offentleg ettersyn i tida 27.04.2010 - 27.05.2010 på Servicekontoret, Sande Rådhus, Larsnes og på kommunen si heimeside.
Eventuelle merknader skal vere skriftlege og dei skal vere innkomne til Sande kommune, 6084 Larsnes innan 31.05.2010. Les meir...
| |
|
|
| 23.04.2010 | Hjorteteljing 2010 Søre Sunnmøre Hjorteviltutval gjennomfører hjorteteljing i kommunane Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy og Sande
25.04.2010 kl. 00.00 - 06.00 09.05.2010 kl. 00.00 - 06.00
Teljingane blir gjennomført på same tid i alle kommunane og på same måte som tidlegare år.
|
|
|
| 16.04.2010 | Fagdag om villsau Det blir open fagdag om villsaudrift laurdag 17.04.2010 kl. 11.00. Møtestad: Låven til Bjarne Kvalsvik i Kvalsvika.
Les meir...
|
|
|