| 03.09.2010 | Bygging av nye pasientrom på Sandetun. Tirsdag 07. 09. 2010 vert det oppstart av bygging av 2 nye pasientrom på Sandetun, 2. etg. Vi tek sikte på at drifta går som vanleg med nokre små endringar og ser med glede fram til at roma vert ferdig ut på hausten.
|
|
|
| 15.04.2010 | Demensomsorgens ABC. Oppstart av studiesirklar om demens - sjukdom på Sandetun sjukeheim. Våren er ei fin tid å starte opp med oppfrisking av kunnskap på. 16. og 18. mars 2010 vart det difor avvikla oppstart - seminar med hjelp frå Åse sjukehus i Demensomsorgens ABC. Det er Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse som har utarbeidd studiehefter om demenssjukdom og demensomsorg. Studiematerialet er meint som ei intern tverrfagleg opplæring i sjølvstyrte studiegrupper. På sjukeheimen har vi etablert 4 grupper som i løpet av eitt år skal studere seg gjennom 11 hefter med ny kunnskap om demenssjukdom. Målet er at personalet skal få ro til refleksjon og drøfting av innholdet i studiepermen, for på denne måten å yte betre omsorg og auke trivselen i arbeidet.
|
|
|
| 04.02.2010 | Markering av rekordlavt sjukefråver i pleie-og omsorg. I siste kvartal 2009 var det rekordlavt sjukefråver i pleie-og omsorg. Dette vart feira med kake og kaffi i alle einingane i går. Kjøkkenet på Sandetun låg lavast med o % :-) , heimetenesta 3,8, sjukeheimen 4,6 og butenesta 4,8. Pleie-og omsorg har lenge sett fokus på forebygging,oppfølging og tilrettelegging i forbindelse med sjukefråver. Dette arbeidet ser vi no resultat av og det motiverer oss i arbeidet vidare.
|
|
|
| 20.11.2009 | Framsyning av Storegjerdebilder Tysdag 24.11 kl 16.30 opner Sande sogelag Storegjerdesamlinga på Sandetun som ein del av "den kulturelle spaserstokk".
|
|
|
| 16.10.2009 | Kongens Sølv til Kari Ristesund. Søndag 11.okt. var det pynta til fest på Høgtun på Kvamsøya. Hjelpepleiar og eldsjel Kari fekk utmerkinga fyrst og fremst for arbeidet sitt for helselaget sidan 1966. Dei fleste innan pleie- og omsorg kjenner til Kari sine innsamlingar til m.a blåbussen, kapellet og sist basaren til inntekt for uteområdet ved Elvebakken, Sandetun og Hagatun. Kari er ei engasjert dame som ikkje gir opp til stor glede for mange.
|
|
|
| 16.10.2009 | Fotballtalent tek arbeidsveka si på Sandetun sjukeheim. Aina Kvamme, fotballtalent frå Kvamsøya og keeper på ungdomslandslaget, har valgt å ta arbeidsveka si i 10. klasse på sjukeheimen. Ho seier ho likar å arbeide med menneske og vurderer eit yrke innanfor helse. Vi synest det er positivt at Aina ville ta arbeidsveka si her og ho har gjort eit godt inntrykk, seier pleiarane på sjukeheimen.
|
|
|
| 16.10.2009 | ØRNULF HOLTHE - eks. Gluntan - er tilbake med konsert på Sandetun. Tirs. 20. okt. er Ørnulf Holthe tilbake på Sandetun. Konserten byrjar 17.30 på "storstova" i 2. etg. "Den kulturelle spaserstokk" inviterer alle pasientar, bebuarar, pårørande, slekt og vener av pleie - og omsorg til ei hyggestund med tema " Melodier jeg minnes". Vel Møtt !
|
|
|
| 17.09.2009 | Fred Frantzen og Bjørn Prytz held konsert på Sandetun. I regi av "Den kulturelle spaserstokk" held Fred Frantzen og Bjørn Prytz konsert på Sandetun på " storstova " 2. etg. tirs. 22. sept. kl. 17.30. Variert repertoar. Vi oppfordrar pårørande og andre som ønskjer å høyre dei til å kome innom !
|
|
|
| 28.08.2009 | LILL-MARTE, ny helsearbeidarfag - lærling i Pleie - og omsorg. Denne hausten har sjukeheimen fått ny lærling i helsearbeidarfaget. Lill- Marte S. Kleppe kjem frå Gursken og er snart 18 år. Ho skal vere lærling i pleie og omsorg i Sande i 2 år. Ho startar læretida si på sjukeheimen, men skal innom alle tre einingane før ho er ferdig. Ho har tidlegare hatt praksisperiode på sjukeheimen og er såleis kjend frå før.
|
|
|
| 28.08.2009 | PIANOKONSERT PÅ SANDETUN. Sandetun sjukeheim hadde besøk av to flinke pianospelarar tirs. 18. aug. Kristian Vågen og Erlend Holseker har vore elvar ved Sande Kulturskule i mange år og har m.a spelt på hurtigruta i sommar. Dei har sett saman eit fint program av klassiske perler som dei framførte til glede for pensjonistane og andre som kom for å høyre på.
|
|
|