Utanfor allfarveg - heldigvis
+ Stor skriftstørrelse
Siste 10 fra Sande
Bygging av nye pasientrom på Sandetun.
Personalfesten 2010
08.09.10 Sakspapir Formannskapet
06.09.10 Sakspapir Nærings-, plan og miljøutvalet
Ny likningsverdi på bustad
31.08.10 Sakspapir Kommunestyret
15.07.10 Protokoll oppvekst- og kulturutvalet
24.08.10 Protokoll Formannskapet
23.08.10 Protokoll Naturforvaltningsnemnda
 
PP- tenesta
Tenester > PP- tenesta
26.08.2008
PPT
PPT står for pedagogisk-psykologisk teneste. Vi skal yte tenester til barn i førskule- og grunnskulealder og vaksne med særlige opplæringsbehov.
( Elevar i vidaregåande skule vert tilknytta PP-kontor der skulen geografisk høyrer til, Vanylven vidaregåande skule er ei avdeling av Herøy vidaregåande og det gjer at elevar som går i Vanylven vil vere tilknytta Herøy PPT)

PP-tenesta er heimla i opplæringslova som seier at PPT si oppgåve i høve skulen er:

1. Organisasjonsutvikling
2. Kompetanseutvikling
3. Sakkunnig vurdering

Opplæringslova seier at tenesta skal hjelpe skulen i arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PPT skal sørgje for sakkunnig vurdering der lova krev det før kommunen fattar vedtak om spesialundervisning.

Alle med lære- og utviklingsvanskar kan ta kontakt med PPT direkte. Det mest vanlege er at det vert gjort i samarbeid med skule eller barnehage skrifteleg på særskilt skjema, gjerne i dialog med PPT i forkant.

PPT er ei rådgjevingsteneste som er frivillig, og tilmelding er alltid i samråd med foreldre.

Tenesta er gratis.

PPT kan yte tenester i høve kartlegging og utgreiing av funksjons- og lærevanskar, rådgjeving knytt til pedagogiske tiltak og rettleiing til foreldre, barn og ungdom.


23.04.2010
PP-konferanse
Den årlege PP-konferansen i Møre og Romsdal var i år lagt til Ulsteinvik med Ulstein og Hareid, Herøy og Sande og Vanylven som arrangør. Vel 120 deltakarar på alle tre konferansedagane vitner om stor deltaking frå alle kommunene. Denne gongen var det atferd tema, der Terje Ogden var hovudforelesar.

19.03.2010
Kontakttid på skulane
Gursken, Larsnes, Åheim og Myklebust har fast kontakttid annankvar tysdag frå kl 08.30 - 10.30.
Datoar for dei neste kontakttidene er veke 16, 18, 20 og 22.
Målsettinga med tiltaket er at PPT kan gi råd og rettleiing til lærarar med fokus på tidleg innsats og forebygging i saker som ikkje er tilmeldt.


28.09.2009
Fast kontakttid
På dei to største einingane i kvar kommune, dvs Gursken, Larsnes, Åheim og Myklebust set vi i gong med fast kontakttid annankvar tysdag frå kl 08.30 - 10.30.
Det vil før jule vere i veke 43, 45, 47, 49, 51.
Målsettinga med tiltaket er at PPT kan gi råd og rettleiing til lærarar med fokus på tidleg innsats og forebygging i saker som ikkje er tilmeldt.


23.06.2009
Ferieavvikling på PPT
Frå veke 27 tom veke 31 vert det avvikla ferie på PPT. Frå veke 32 kan ein møte nokre av fagpersonane. 14.08 er alle på kurs. Frå mandag 17. august er alle tilbake i full aktivitet.

20.01.2009
Saksgang ved søknad om datamaskin
Elevar med ulike vanskar kan søkje NAV om stønad til datahjelpemiddel. For å lette søknadsarbeidet er det laga oversikt på kva som skal følgje med søknaden, sjå vedlegg
individuell_ikt-plan.doc (24 kb)Individuell IKT plan (24 kb)
saksgang_ved_soeknad_om_datamaskin_24.09.09.doc (58 kb)Saksgang ved søknad om PC (58 kb)

27.10.2008
TILMELDINGSSKJEMA
Ved årleg revisjon av meldeskjema er det gjort litt korrigeringar. Det er utgåve 3 som er den siste, datert 15.10.08
meldeskjema_rev._okt_08.doc (112 kb)Meldeskjema revidert utgåve 3 (112 kb)

15.02.2008
PPT kontoret har flytta
Denne veka flytta PPT sine kontor til tredje etasje på rådhuset. Fram til etablering av NAV - kontor i oktober vil det vere litt trongt i våre lokaler.

04.12.2007
Pedagogisk nettverk i Sande
Margun Rekdal frå PPT leia idemyldringa på nettverket.
20. november drog PP-tenesta for Sande og Vanylven i gong pedagogisk nettverk i Sande. Under oppstartmøtet var rektorar og barnehagestyrarar til stades, og også nokre andre representantar for dei tilsette. Nettverket skal vere med og kvalitetssikre tenestene i forhold til borna i skule og barnehage, og auke samhandlinga og kompetansen i organisasjonen.

26.04.2007
PPT-konferanse
Konferanse for pedagogisk psykologisk teneste i Møre og Romsdal avvikla 24.-26. april i naturvakre Geiranger. Fleire spennande tema på agendaen denne gongen: Fagleg løft- og uviklingssenter for PPT -eit regionalt samarbeid i Midt-Norge, sakshandsaming etter opplæringslova, kompetansestrategi i barnehagen, prosedyrer ved utgreiing av lese- og skrivevansker og sjølvutvikling. Ved den årlege konferansen har vi fokus på nettverksbygging, ikkje minst for å stå betre rusta i møte med utfordringar i framtida, der det td vert skissert at PPT får ei utvida rolle i tenestetilbodet.

Tidlegare artiklar:
Flott samarbeid mellom PPT og barnehage
Fyldig DVD om AD/HD
PPT på vitjing i skular og barnehagar
Musikkterapi
Alle tilsette på ppt i Sande og Vanylven
 
Kontakter
Margunn Rekdal
Ingvild Bøstrand
Eli Rekdal
Berit Løvoll Strand

PPT
Tlf. 70026785
E-post: ppt@sande-mr.kommune.no
Kontoret har merkantil personale på mandag, tysdag og torsdag frå 08.00 - 14.00.

§ 5 Spesialundervisning i opplæringslova
Tilmeldingsskjema
Vil du ha hjelp frå PPT, ta kontakt pr. telefon eller bruk tilmeldingsskjema.
Søknad om hjelpemiddel
Søkjar ved foreldre, skule eller barnehage fylller ut søknadsskjema.
PPT kan skrive grunngiving til søknad om hjelpemiddel.
Saksgang ved søknad om datahjelpemidler
Grunngjeving ved krav om datahjelpemiddel
Nav sin heimeside. nr 6 i lista til høgre finn du skjemaet.