| 04.02.2010 | Markering av rekordlavt sjukefråver i pleie-og omsorg. I siste kvartal 2009 var det rekordlavt sjukefråver i pleie-og omsorg. Dette vart feira med kake og kaffi i alle einingane i går. Kjøkkenet på Sandetun låg lavast med o % :-) , heimetenesta 3,8, sjukeheimen 4,6 og butenesta 4,8. Pleie-og omsorg har lenge sett fokus på forebygging,oppfølging og tilrettelegging i forbindelse med sjukefråver. Dette arbeidet ser vi no resultat av og det motiverer oss i arbeidet vidare.
|
|
|
| 20.11.2009 | Framsyning av Storegjerdebilder Tysdag 24.11 kl 16.30 opner Sande sogelag Storegjerdesamlinga på Sandetun som ein del av "den kulturelle spaserstokk".
|
|
|
| 16.10.2009 | Kongens Sølv til Kari Ristesund. Søndag 11.okt. var det pynta til fest på Høgtun på Kvamsøya. Hjelpepleiar og eldsjel Kari fekk utmerkinga fyrst og fremst for arbeidet sitt for helselaget sidan 1966. Dei fleste innan pleie- og omsorg kjenner til Kari sine innsamlingar til m.a blåbussen, kapellet og sist basaren til inntekt for uteområdet ved Elvebakken, Sandetun og Hagatun. Kari er ei engasjert dame som ikkje gir opp til stor glede for mange.
|
|
|
| 16.10.2009 | ØRNULF HOLTHE - eks. Gluntan - er tilbake med konsert på Sandetun. Tirs. 20. okt. er Ørnulf Holthe tilbake på Sandetun. Konserten byrjar 17.30 på "storstova" i 2. etg. "Den kulturelle spaserstokk" inviterer alle pasientar, bebuarar, pårørande, slekt og vener av pleie - og omsorg til ei hyggestund med tema " Melodier jeg minnes". Vel Møtt !
|
|
|
| 17.09.2009 | Fred Frantzen og Bjørn Prytz held konsert på Sandetun. I regi av "Den kulturelle spaserstokk" held Fred Frantzen og Bjørn Prytz konsert på Sandetun på " storstova " 2. etg. tirs. 22. sept. kl. 17.30. Variert repertoar. Vi oppfordrar pårørande og andre som ønskjer å høyre dei til å kome innom !
|
|
|
| 28.08.2009 | LILL-MARTE, ny helsearbeidarfag - lærling i Pleie - og omsorg. Denne hausten har sjukeheimen fått ny lærling i helsearbeidarfaget. Lill- Marte S. Kleppe kjem frå Gursken og er snart 18 år. Ho skal vere lærling i pleie og omsorg i Sande i 2 år. Ho startar læretida si på sjukeheimen, men skal innom alle tre einingane før ho er ferdig. Ho har tidlegare hatt praksisperiode på sjukeheimen og er såleis kjend frå før.
|
|
|
| 08.07.2009 | Unge hjelper eldre Ungdom som enno ikkje har fått seg sommarjobb kan ta kontakt med servicekontoret på Rådhuset, tlf 70026700 Servicekontoret formidlar kontakter for dei som treng hjelp til diverse hagearbeid/ husarbeid / målingsarbeid eller anna arbeid.
|
|
|
| 31.03.2009 | ROMKUNST - offisiell opning av MARIT MOLTU sin installasjon på Sandetun sjukeheim. Prosjektstart " Den kulturelle spaserstokk ". Torsdag 02.04 kl. 17. 30 vert det offisiell opning av Marit Moltu sin installasjon " Livsens trådar " på Sandetun sjukeheim. Vi vil og markere starten på prosjektet " Den kulturelle spaserstokk " denne ettermiddagen. Det vert ope for bebuarar, pårørande , brukarar og venner av pleie og omsorg . I tillegg til inviterte gjestar deltek m.a kunstnaren og " Øyklang." Kjøkkenet på Sandetun står for serveringa, canapear og eplecider.
|
|
|
| 30.03.2009 | Reduksjon i dagtilbod Frå veke 16 vert det gjort følgjande endringar i tilbodet på desse to dagsentera:
Dagsenteret for eldre på Sandetun vert frå denne veka ope berre ein dag i veka, onsdagar. Opningstida vert som før, og brukarane ute i bygda vert henta og køyrt heim av personell på dagsenteret. Tilbodet vil frå denne veka gjelde berre brukarar som bur heime, enten i eigen bustad eller i omsorgsbustad.
Sjøkanten dagsenter, vil frå veke 16 vere ope måndag, tysdag og onsdag, altså ein dag mindre enn no. Brukarane vil verte henta og køyrt heim av personell på dagsenteret.
|
|
|
| 18.03.2009 | " MELODIER JEG MINNES. " Konsert med Ørnulf Holthe på Sandetun sjukeheim, Storstova 2. etg, ons. 25. mars kl. 17.30. Han vil spele gitar og synge songar rundt emnet " Melodier jeg minnes. " Konserten vert arrangert som ein del av " Den kulturelle spaserstokk " som vil bidra med å spre glede og hygge gjennom kultur og underholdning på sjukeheimar, i omsorgsbustadar og eldresenter. Konserten er open for alle.
|
|
|