|
|
| Interkommunalt forebyggande arbeid |
| Tenester > Interkommunalt forebyggande arbeid |
 |
| 15.11.2007 | OFFENTLEG ETTERSYN - Ruspolitisk handlingsplan Felles ruspolitisk handlingsplan for kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande vert med dette lagt ut til ettersyn. Frist for uttale vert sett til 11.12.07. Utale skal vere skriftleg og sendast; Sande kommune v/ Elin Almestad, 6084 Larsnes
| |
|
|
| 24.10.2005 | BiRus, prosjekt om kompetanseheving Dette er eit prosjekt om kompetanseheving der målgruppa er barn i familier med rusproblematikk
Birus i barnehagane er eit underprosjekt av dette, samstundes som det er ein del av regionprosjektet/pilot prosjektet (førebygging av rusmiddelskader) for kommunane Herøy, Sande , Ulstein og Hareid.
Torsdag og fredag 20-21 okt. 05, var alle pedagogiske leiarar og styrarar i barnehagane i desse fire kommunane samla til kurs på Kjeldsund ungdomssenter der temaet var "korleis få den vanskelege samtalen til å opplevast som ein god samtale"
|
|
|
| 06.06.2005 | Samling for nøkkelpersonar i Olweusprogrammet 3.juni var nøkkelpersonane som driv Olweusprogramma på skulane i Sande, samla til ein inspirasjonsdag på Rådhuset. Tema denne gongen var: Å gripe inn og Den konfronterande samtalen. Tidlegare har ein hatt klassemøta som tema. Ny samling til hausten blir planlagd. Skulane er godt i gong med innføring av programmet som skal førebygge og stoppe mobbing og antisosial åtferd. Mange gode rutiner og haldningsskapande arbeid er kome på plass på alle skulane. Det er nyttig å kome saman og drage vekslar på erfaringar og arbeid som er gjort rundt om. Instruktør for programmet er Elin Muren Rokstad.
|
|
|
| 11.05.2005 | Rusmiddelbruk i eit familieperspektiv Dette var tema på kursdag for tilsette i barnevern, sosial, helsetasjon og legekontor, barnehage og skule på kulturhuset i Herøy 10.mai. Foredragshaldar Frid Hansen, frå Borgestadklinikken, hadde foredrag om korleis rusmisbruk kan påverke oppgåver og funksjonar som skal ivaretakast i familien, og korleis dette kan påverke dei kjenslemessige banda mellom menneska. Tilsette skal no skolerast i bl.al.korleis ein tek opp dette med familiar, og korleis familiane kan få hjelp til å takle den vanskelege situasjonen.
|
|
|
| 15.03.2005 | REGIONPROSJEKTET I LOKALT RUSFØREBYGGANDE ARBEID BAKGRUNN I januar 2004 vart kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande utplukka som pilotkommunar i lokalt rusførebyggjande arbeid av Helse- og sosialdirektoratet. Dette saman med Narvik, Larvik, Nesodden, Os og Haugesund.
Gjennom prosjektet skal ulike strategiar for førebygging tilpassast lokale behov og iverksetjast. Ei viktig målsetning er å utvikle og samordne eksisterande rusførebyggande innsats i pilotkommunane. Tiltaka som skal iverksetjast skal være basert på forsking og ha dokumentert effekt. Erfaringane frå pilotkommunane vil danne mønster for lokalbasert førebygging andre stadar. Internasjonale studium viser at lokalbasert, integrert førebyggande arbeid kan være effektivt. Satsinga er eit ledd i regjeringa sin handlingsplan mot rusmiddelproblem. Prosjektet vert evaluert av SIRUS – Statens institutt for rusmiddelforskning. Gjennom evalueringa vil SIRUS sjå på korleis og i kva grad kommunane/regionane set i verk og vedlikeheld førebyggande tiltak på rusfeltet utover dei allereie eksisterande tiltaka, samt kva effekt det gjev at kommunane får tildelt statlege midlar øyremerka rusførebyggande arbeid. Våre fire kommunar har fått tilsegn om 3.1 millionar kroner til saman.
ORGANISERING Pilotprosjektet er organisert som eit felles prosjekt for våre fire kommunar. Kommunestyra har gjort eins vedtak om organisering av prosjektet, og har gjeve det nødvendige mandat til styringsgruppa for å stå for det operative i prosjektperioden.
Kommunestyre Kommunestyre i den enkelte kommune er oppdragsgjevar.
Styringsgruppa Kommunane vert representert i styringsgruppa med rådmenn, samt lensmann frå Hareid og Ulstein lensmannskontor og Herøy og Sande lensmannskontor. Styringsgruppa er ansvarleg overfor kommunestyra og direktoratet m.o.t. organisering, økonomi og framdrift i prosjektet. Styringsgruppa skal vere eit organ som fattar vedtak knytt til driftinga av prosjektet, og som tek saker til politisk nivå om det vert behov for det. Styringsgruppa syter for at det vert laga rapporteringssystem til politisk nivå og syter for sluttrapport for prosjektet.
|
|
|
|
 |
| Tidlegare artiklar: |
 |
|
|
|
|
|