Siste 10 fra Sande
Nye opningstider på NAV Sande
Minikonsert med Bror Magnus på Øya fredag 19.juni kl 13.00
Her kan du røyste!
Står du i manntalet?
Informasjon om aktivitetar i Helse- og omsorgssektoren på facebook.
Røyste i utlandet?
Vil du jobbe med helse- og omsorg i Sande kommune?
Ledig stilling som rektor/ einingsleiar ved Larsnes oppvekstsenter
Hjorteteljing 2017
Kulturmidlar og tilskotsordningar
Tenester > Fritid, kultur og idrett > Kulturmidlar og tilskotsordningar

Nye retningsliner for tildeling av kulturmidlar gjeldande frå 2015


Driftsutvalet i Sande vedtok i sak Du-3-15 nye retningsliner for tildeling av kulturmidlar.
Etter søknad til Driftsutvalet kan det ytast tilskot til personar, organisasjonar, foreiningar, lag og institusjonar som driv eller vil starte kulturtiltak for barn og unge 0-20 år i Sande kommune.
Det vil sei at lag og organisasjonar som driv aktivitetar for vaksne, ikkje lenger får støtte.
Ein kan heller ikkje lenger søkje om tilskot til forsamlingshus og einskildstiltak.


Lag, organisasjonar og andre som driv eller vil starte kulturverksemd, kan søkje om kulturmidlar. Søknadsfristen er 15. april kvart år.
Husk at det er krav om å legge ved årsmelding og rekneskap for siste år.
Ta kontakt med kulturkonsulenten eller servicekontoret om du har spørsmål vedrørande søknaden. Du kan få hjelp til utfylling av den elektroniske søknaden ved servicekontoret i kommunen.

DESSE KAN SØKJE OM TILSKOT:

1. Etter søknad til Driftsutvalet kan det ytast tilskot til personar, organisasjonar, foreiningar, lag og institusjonar som driv eller vil starte kulturtiltak for barn og unge (0-20 år) i Sande kommune.

2. Hovudlag samordnar seg og søkjer samla på vegne av gruppene.

3. Unnateke frå tilskot er:
* Lag og organisasjonar som primært tek i vare medlemmane sine interesser innan yrke eller økonomi.
* Politiske parti og politiske aksjonar.
* Organisasjonar som ikkje er opne for alle.
* Reint kommersielle tiltak

FØLGJANDE TILSKOTSORDNINGAR GJELD:

1. Tilskot til drift
Slikt tilskot kan ytast når verksemda som vert driven er kontinuerleg. Kvar søknad vert vurdert ut frå medlemstal, aktivitet, årsmelding/rekneskap og planlagd verksemd. Driftstilskotet vert normalt berre tildelt hovudlag. Driftstilskot vert gjeve ein gong pr. år med felles søknadsfrist 15.04.

2. Starttilskot til nye tiltak
Nye lag som går under vilkåra i pkt. 1 kan søkje om starttilskot. Søknaden vert gjeve som eingongstilskot. Søknadsfrist 15.04.

SØKNADSPROSEDYRE:
Driftsutvalet tek avgjerd om dei einskilde søknadane ut frå desse retningslinene og eige skjøn innanfor dei budsjettrammene som gjeld til ei kvar tid.

FORDELINGSNØKKEL:
Sande kommune prioriterer kulturmidlar til lokalt barne- og ungdomsarbeid (0-20år). Ved søknad om starttilskot skal tildelinga vurderast ut frå retningslinene i pkt.1 i dette kapittel. Dei resterande kulturmidlane skal fordelast etter prosentvis fordeling.

* Starttilskot
* Idrett 50 %
* Song og musikk 37 %
* Andre kulturføremål 13 %

1. Starttilskot til nye lag:
Tilskotet skal ligge mellom kr 2.000, - og kr 8.000,-.
Tildelinga skal skjønsmessig vurderast etter anslagsvis medlemstal og kor kostnadskrevjande investeringane er i startfasen.

2. For tilskot til idrett gjeld desse prinsippa:
Tilskotet vert fordelt etter antall aktivitetar idrettslaga har for barn og unge. Dette skal vere idrettsaktivitetar som går gjennom året, og ikkje til eks. klubbkveldar/sosialt samkome. Det vert ikkje gitt tildelingar til aktivitetar til seinorlag sjølv om ungdom er med.

3. For tilskot til song og musikk gjeld desse prinsippa:
Tilskotet vert fordelt mellom søknadane slik at instrumentalgruppene vert vekta i forhold til kor som 2:1. 50 % av dei avsette midlane skal fordelast mellom søkjarar som eit grunnbeløp. Dei resterande midlane vert fordelt etter antall medlemmar barn og unge.

4. For tilskot til andre kulturføremål gjeld desse prinsippa:
Lag og organisasjonar som har kostnadskrevjande aktivitetar vert tildelt ein grunnstønad på kr 2.000-. Det vert gjort ei skjønnsmessig vurdering ut frå søknad om kva som er kostnadskrevjande. Dei resterande midlane vert fordelt etter antall medlemmar barn og unge.

<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-32: 9.30-13.30
Send e-post
Retningsliner for tildeling av kulturmidlar
Søknadskjema kulturmidlar
Søknad om tilskot til ordinære nærmiljøanlegg
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen