Siste 10 fra Sande
Vil du / de vere besøksheim ?
Sande kommune asfalterer - skal du asfaltere?
Sande kommune - Årsmelding og rekneskap 2016
Kommunestyremøte
Vasslekkasje på Hakallestranda
Møte i formannskapet 14.06.17
Fagseminar med Norsk Villsaulag
Kontakt Sande kommune
Omlegging av vassleidning ved Bergsnev - Sandviksvatnet vassverk
Barnevernstenesta
Tenester > Barnevernstenesta
01.08.2014
Barnevernstenesta i Sande
Barnevernstenesta i Sande er ein del av NAV-kontoret som er lokalisert på Rådhuset.Tenesta har bemanning i ordinær arbeidstid.

Barnevernstenesta i Sande har ikkje akuttberedskap.
Dersom det oppstår situasjonar der barn akutt er utan omsorg, er det det øvrige beredskapsapparatet som skal nyttast ( td lege, politi).
Politiet har heimel til å plassere barn i akutte situasjonar.

Barnevernstenesta arbeider etter Lov om barneverntenester, sjå lenkje nedanfor.

Lova sitt formål er:
- Å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg i rett tid.
- Å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Lova gjeld for alle barn under 18 år, og når barnet samtykkjer, kan tiltak som er iverksett før barnet er 18 år, stå ved lag eller ein kan erstatte det med nye tiltak inntil barnet har fylt 23 år. Barnevernlova gjeld for alle som oppheld seg i riket.

Barnevernstenesta skal drive med førebyggjande verksemd.
Barnevernstenesta skal ta omsyn til barnet sitt beste.

Barnëvernstenesta har plikt til å gjennomgå alle innkomne meldingar.
Du finn meldeskjema til barnevernstenesta i notisfeltet til høgre under

www.barnevernet.no


Barnevernstenesta har rett og plikt til å gjere undersøkingar dersom det er rimeleg grunn til å tru at barnet lever under forhold som kan gi grunnlag for tiltak etter barnevernlova.

Hjelpetiltak i heimen kan omfatte til dømes støttekontakt, avlastning, ansvarsgruppe og råd og rettleiing til foreldre og barn.
Dersom forholda tilseier det, kan barn bli plasserte utanfor heimen i kortare eller lengre perioder.
Ofte skjer dette i samråd med foreldre. Det er fylkesnemnda som tek avgjerd om plassering utanfor heimen.

Barnevernlova

14.01.2014
10 spørsmål og svar om å melde til barnevernstenesta
10 spørsmål og svar om å melde til barnevernet.pdf (31 kb)

01.08.2011
Alarmtelefon for barn og unge
Barne- og likestillingsdepartementet har oppretta ein alarmsentral/alarmtelefon for barn og unge.

Alarmtelefon for barn:
Ring gratis 116 111:
- kvardagar mellom kl. 1500 og 1800
- heile døgnet i helgar og helgedagar

Målsetjinga med alarmsentralen er at barn skal kunne henvende seg til eitt telefonnummer om sin situasjon og si bekymring, og at henvendelsen deretter kan bli vidareformidla til rett instans i kommunen for oppfølging. Vaksne som er bekymra for barn skal også kunne ringe alarmtelefonen.



http://www.116111.no

Toril Urkedal
barnevernsleiar

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-32: 9.30-13.30
Send e-post
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Info om ressursgruppa i Sande
Barnevernet i Sande
Barnevernet i Sande er ein del av NAV-kontoret, som er lokalisert på Rådhuset.
Tlf 99579709 eller 70026700
Barnevernsleiar : Toril Urkedal

Sjå meir info på sida til NAV Sande, eller ring Nav Sande 55 55 33 33.
PMTO - Tilbod om foreldrerettleiing
Foreldrekvardag
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
Les mer...
Krisesenter for Sunnmøre
www.barnevernet.no
Kors på halsen

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen