Siste 10 fra Sande
Formannskapsmøte
Nye stadfesta reguleringsplanar i Sande kommune
Nye helsefagarbeidarar i Helse og omsorg
Hjortejakta 2017
Helse- og oppvekstutval
Næring, teknisk og miljøutval
OPE MØTE FOR RÅDA OG PÅRØRANDE I SANDE KOMMUNE
NAV Sande - redusert opningstid på måndag 13.11.
Alkoholpolitisk plan, løyvedelen, 2016 - 2020
Tryggleiksalarm
Tenester > Tryggleiksalarm
Tryggleiksalarm
Lovgrunnlag:
Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste. Dersom det vert vurdert at tryggleiksalarm er ei naudsynt teneste, vert det fatta vedtak som ein del av praktisk bistand, heimla i Helse- og omsorgstenestelova §3-2, punkt 6, bokstav b.

Målsetjing:
Tryggleiksalarm skal bidra til at innbyggjarane skal kunne bu heime eller i omsorgsbustad så lenge som mogleg. Tryggleiksalarmen skal bidra til auka tryggleik for den einskilde. I ein akuttsituasjon skal brukar ved hjelp av tryggleiksalarmen ha moglegheit til å tilkalle hjelp

Kriterier for tildeling:
• Det må ligge føre ein grunngjeven søknad frå brukaren
• Det vert fatta vedtak på bakgrunn av kartlagde behov og ei samla vurdering av tenestetilbodet. Hjelpebehovet vil også verte kartlagt i høve til IPLOS. Dette er eit nasjonalt register som beskriv ressursar og hjelpebehov for søkjar
• Brukar må greie å bruke tryggleiksalarmen
• Brukar har redusert gangfunksjon, med fare for fall
• Brukar føler stor grad av utryggheit
• Bruker kan ikkje nyttiggjere seg vanlig telefon
• Brukar har ein alvorleg sjukdom, der behovet for hjelp frå helsepersonell kan oppstå

Vilkår for leige av tryggleiksalarm
• Brukar må betale månadsleige for tryggleiksalarmen. Betalingssats vert fastsett av kommunestyret ein gong i året.
• Vedlikehald og vanleg reparasjon vert dekt av månadsleiga
• Brukar må betale skade på alarmen, som skuldast at det ikkje har vore vist aktsemd
• Tryggleiksalarmen skal berre nyttast i akuttsituasjonar
• Tryggleiksalarmen skal leverast inn til kommunen når behovet ikkje lenger er til stades

Kva kan du forvente frå kommunen:
• Vedtak vert utsendt
• Brukar vil få opplæring av tryggleiksalarmen
• Du vil få bistand pr. telefon eller besøk av helsepersonell ved utløst alarm.
• Tryggleiksalarmen vert testa ut i frå vedteken rutine
• Låner ut nøkkel til huset, for oppbevaring i nøkkelskap ved Sandetun omsorgssenter

Kva forventer vi av deg:
• Gjer deg kjent med vedtaket
• At alarmen vert nytta til uventa/øyeblikkeleg hjelp situasjonar
• At du har alarmknappen på deg heile døgnet
• At du gir beskjed ved fråvær
• Alarmen vert behandla forsvarleg



KONTAKTINFORMASJON
Kari-Johanne Skarmyr
Einingsleiar heimetenesta
Tlf 70026742
Mobil: 95918965
Epost :kjsk@sande-mr.kommune.no
Send e-post

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen