Siste 10 fra Sande
Ledige stillingar som helsesøster
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Langtidsopphald i sjukeheim
Tenester > Langtidsopphald i sjukeheim
28.06.2017
Langtidsplass i sjukeheim
Lovgrunnlag:
Langtidsplass i sjukeheim er heimla i Helse – og omsorgstenestelova §3-2, pkt.6, bokstav c. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester §3-2 første ledd, pkt 6, bokstav c og Lov om pasient- og brukarrettar §2-1a. Tenesten ytast etter lokal Forskrift for sjukeheimar og buform med heildøgns omsorg- og pleie i tillegg Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgtenestene for tenesteyting og Forskrift om ei verdig eldreomsorg.
Tildeling av tenesta er eit enkeltvedtak med klagerett etter forvaltningslova.

Målsetjing:
Langtidsplass i institusjon er eit tilbod om heilskaplege helse – og omsorgstenester og bustad til pasientar med omfattande funksjonssvikt. Langtidsplass skal ivareta behovet for heildøgns pleie og omsorg, med oppfølging, behandling og observasjon av helsetilstand.

Kriterier for tildeling:
• Det må ligge føre ein skriftleg grunngjeven søknad frå brukar.
• Vedtak vert fatta etter ei tverrfagleg vurdering der tenestebehovet også vert vurdert etter opplysningar i IPLOS. Dett er eit nasjonalt register som omtalar ressursar og hjelpebehov til dei som søkjer om teneste.
• Brukar med mental eller somatisk helsesvikt som gir behov for omfattande medisinsk behandling som ikkje kan ytast i heimen eller tilpassa bustad. Dette gjeld og for brukar med demensdiagnose.
• Brukar med omfattande heildøgns behov for pleie og omsorg, som ikkje kan giast tilstrekkeleg i eigen heim eller i tilpassa bustad.
Kva kan du forvente av kommunen:
• Relevant informasjon om tenesten vert gitt ved flytting til sjukeheimen.
• Behov for hjelp vert kartlagt saman med pasienten og næraste pårørande.
• Skriftleg vedtak og ei orientering om vederlag for langtidsplass i institusjon vert utsendt.
• Revurdering av tilbodet ved endra funksjonsnivå.
• All pleie og omsorg vert gitt av eller i samarbeid med autorisert helsepersonell.

Kva forventar vi av deg:
• Du gjer deg kjent med innhaldet i vedtaket og orientering om vederlag for langtidsplass i institusjon.
• Du gir naudsynte opplysningar vedkomande Vederlag for langtidsplass i institusjon.
• Du tek kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og evt. klage.
• Du utfører sjølv det du meistrar i det daglege.
• At du skjønar at vedtaket kan endrast dersom funksjonen din endrast.
• Du er sjølv ansvarleg for verdisaker/lausøre som verte teke med til institusjonen.


KONTAKTINFORMASJON
Wenche Brit Thorseth
Einingsleiar Sandetun sjukeheim
Tlf : 70026747
Mobil : 91625895
Epost:wbth@sande-mr.kommune.no
Send e-post

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen