Siste 10 fra Sande
Hurra, no er det språkkafe igjen!
Skulestart i Sande
Grunder med ein forretningside ?
"Du skal itte trø i graset..." og ikkje kaste søppel der heller
No kjem feiaren
Arbeidet med avskjeringsgrøft på Sætre har starta opp
Kulturminneplanen 2015-2025 - Sande kommune
Tilbodet ved biblioteket
Oppretting og sikring av gravstøtter
Byggjesak
Tenester > BYGG OG BU > Byggjesak
04.01.2018
Byggjesaker
Byggesaksdelen i den nye plan- og bygningslova vart sett i kraft 1. juli 2010.

I Sande kommune er det plan- og bygningsavdelinga ved teknisk etat som tek seg av handsaming av byggjesaker inkludert informasjon om emnet.

Tiltakshavarar som ønskjer å setje i gang med tiltak kan be om førehandskonferanse hos plan- og bygningsavdelinga.

Ta gjerne kontakt med avdelinga om du lurer på noko eller ønskjer å avtale møte/førehandskonferanse om konkrete tiltak så skal vi hjelpe deg med å kome i gang!

Som fylgje av ny plan- og bygningslov, ny teknisk forskrift og ny byggesaksforskrift har byggesaksskjema vorte revidert og det har i tillegg kome heilt nye skjema. Alle skjema har verknad frå 1. juli 2010.

Meldingssystemet er no oppheva, slik at alle tiltak i utgangspunktet er søknadspliktige. Men det vert stilt forskjellige krav til bruk av ansvarlege føretak. Enkelte mindre tiltak er framleis unntatt frå sjølve søknadsplikta. Med søknadsplikt meiner ein at tiltakshavar må søkje om å få løyve frå kommunen før eit tiltak kan setjast i verk.

Føremålet med søknadsplikta er at kommunen skal få høve til å førehandsvurdere tiltaket, i den hensikt å hindre at tiltak vert gjennomført i strid med reglar gjeve i eller i medhald av lov.
Søknadssystemet gjev kommunen i praksis eit høve til å føreta ei konkret skjønnsmessig vurdering av om tiltaket bør verte gjennomført eller ikkje.
Dersom det omsøkte tiltaket er i strid med kommuneplanens arealdel, gjeldande reguleringsplan eller materielle krav i lov eller forskrift, må tiltakshavar og få innvilga dispensasjon frå dei aktuelle krava før tiltaket kan igangsettast.

I menyen til høgre kan du sjå nærare på veiledningar og informasjonsmatriell som kan vere til hjelp når du skal søkje om løyve til eit tiltak.

Eitt nyttig hjelpemiddel kan vere Sande kommune si eiga Byggjesakshandbok og elektroniske skjemaer til byggesak. Norsk kommunalteknisk forening har og nyttige infomasjonsark som kan vere til hjelp og veiledning.
Du finn desse i notisfeltet til høgre.





Kjell Martin Vikene
Teknisk sjef

Rasmus Johan Ekroll
Avdelingsingeniør/ sakshandsamar

SANDE KOMMUNE
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Gjenpart av nabovarsel
Nabovarsel
Byggesakshandbok for innbyggjarar med ulike skjema til bruk for søknad om tiltak
Tomt til husbygging
Sentrale forskrifter
Plan og Bygningslov
Startlån
Elektroniske skjema for byggemelding og frådeling
Gebyr for byggesak og plansaker 2018
Vedtatt 12.12.17 KST-sak 64/ 17
Utbyggingsplaner og byggeprosjekt - Telenor sitt kabelnett
Bustønad og Startlån

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen