Siste 10 fra Sande
Kommunestyremøte 18.09.18
Vil du vere bøsseberar?
Vil du prøve deg som brannmann? Interessert i ambulansetenesta?
Ruteendringsprosessen 2019 - ferje og bussruter
Pårørandeskule for deg som har omsorg for nokon med demens
Kommunestyremøte 18.september
På jakt etter ny jobb?
Grûnderkurs - Starte bedrift, skal - skal ikkje?
Vil du vere med i ungdomsrådet i Sande?
Heimehjelp - Praktisk hjelp i heimen
Tenester > HELSE OG OMSORG > Heimehjelp - Praktisk hjelp i heimen
08.06.2018
Praktisk bistand – daglege gjeremål (Heimehjelp)
Lovgrunnlag:
Praktisk bistand – daglege gjeremål er ei lovpålagt teneste som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §3-2, punkt 6, bokstav b.

Målsetjing:
Målet med tenesta er at du skal få hjelp slik at du kan bu lengst mogleg i eigen heim.
Vi vil gi deg vegleiing og opplæring, ved behov, slik at du i størst mogleg grad vert sjølvhjulpen i høve dei daglege gjeremåla.

Kriterier for tildeling:
Hjelpa vert vurdert ut i frå den einskilde sin situasjon. Søkjar må ha eit midlertidig eller varig behov for praktisk bistand p.g.a. sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker. Dersom det er fleire i hushaldninga, vil dette vere ein del av vurderinga. Tenesta er tidsavgrensa og vil verte vurdert kontinuerlig.

Kva kan du forvente frå kommunen:
• Vedtak utsendt
• Praktisk bistand vert som hovudregel tildelt anna kvar veke
• Det vil verte oppsett faste tider på kva tid tenesta vert utført
• Tenesta vil verte revurdert når vedtaksperioden er omme.

Kva forventar vi av deg:
• At søkjar setter seg inn i vedtaket
• At søkjar legg forholda til rette med tanke på at tenesteytar skal ha moglegheit for god handhygiene (såpedispenser og tørkepapir), og eit røykfritt miljø.
• At du gir beskjed dersom du ikkje er heime til avtalt tid
• Det vert forventa at søkjar sjølv utfører dei praktiske oppgåvene ein klarer sjølv.
• Hvis du sjølv ikkje klarer å åpne døra, må vi få utlevert nøkkel.
• Naudsynt utstyr må vere tilgjengelig i heimen og du må til ei kvar tid sjå til at det er i god stand.
• Det vert forventa at vegar er brøyta og strødd, slik at tenesteytar kjem fram til heimen.

Betaling:
Praktisk bistand er ei teneste du må betale for, betalingssatsane vert vedtekne av kommunestyret ein gong i året, og vert berekna ut i frå siste tilgjengelege likning.


Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen