Siste 10 fra Sande
Ledige stillingar som helsesøster
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Ledige stillingar
Ledige stillingar
07.07.2017

Rettleiing for søknad på stilling i Sande kommune.


Sande kommune nyttar elektronisk søknadsskjema.Opplysning om utdanning og praksis (CV) SKAL vere oppgitt i søknaden for at søknaden skal bli vurdert.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved intervju.
Ved tilsetting skal rettkjende kopiar av attestar og vitnemål leverast.


Dersom det er fleire stillingar på same arbeidstad, med same stillingsstorleik, men ulik stillings-ID, må det sendast eigen søknad på kvar av desse stillingane dersom ein ynskjer å søkje på alle.
Denne elektroniske søknadstenesta er levert av Sem og Stenersen Prokom AS. Søknaden vert overført til sakssystemet i Sande kommune i kryptert form, ei løysing som er godkjent av Datatilsynet.
Når søknaden er sendt til Sande kommune, vert den automatisk sletta frå Prokom sin database.
Dersom du registrerer deg, kan du lagre søknadsinfo på Kommune24:7, for dermed seinare å sjå kva du har søkt på, og når.
Dersom du ikkje har tilgang til data, kan du vende deg til servicekontoret som vil hjelpe deg å søkje via gjeste-PC’en på servicekontoret.


Normalt vil tilsetjinga ta omlag 4 veker etter søknadsfristen, men behandlingstida kan vere kortare eller lengre.
Skjemaet er grunnlaget for utvida søkjarliste til stillinga. I samband med saksbehandlinga kan ei rekkje personar få innsyn i den utvida søkjarlista. Desse er einingsleiarar, avdelingsleiarar, og tillitsvalde.

Vidare vil andre søkjarar til stillinga få tilsendt den utvida søkjarlista på førespurnad.
Andre interesserte, til dømes media og Nav, får på førespurnad kun vite namn og adresse til dei som har søkt stillinga.

I tilsetjingssaker er det strenge krav til saksbehandlinga. Mellom anna skal saksbehandlaren ha tilgang til tilstrekkeleg informasjon under førebuing av saka. Difor vert det stilt strenge krav til dei opplysningane du som søkjar kjem med. Det er såleis viktig at søknadsskjemaet er rett og nøyaktig utfylt.

Søknadsfrist:
Søknaden må vere registrert seinast den dagen fristen går ut.

VI IMØTESER SØKNADEN DIN.



Med helsing
SANDE KOMMUNE



<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Søknadsskjema ledige stillingar

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen